Vasstrand krins
Vasstrand krins i Gaular kommune dekka området på sørsida av Viksdalsvatnet. Vasstrand skule var plassert ved garden Sandane, ca midt mellom gardane Hestebeit mot aust og Rørstad mot vest. Vasstrand vart i 1950 slått saman med Hestad krins grunna nedgang i elevtalet.
Skulen skulle eigentleg leggast ned året før, då det berre var fire elevar igjen. Men lærar Edvard Espeset tok sine to born ut av Eldal skule og let dei gå på Vasstrand det siste året. Det var seks elevar som var kravet for å kunne drive skulen vidare. Frå 1950 starta Espeset som lærar på Eldal skule, og Vasstrand skule vart lagt ned.
Skulehus
Vasstrand skule stod ferdig i 1900. Det var klasserom, eit rom til læraren og gang i første høgda, og eit uferdig rom i andre høgda. Det var eit uthus med fleire utedoar samt eldhus, og skuleplassen var inngjerda.
Skuledagen
Skulevegen
Før Vasstrand skule vart bygd, måtte elevane ro over Viksdalsvatnet til Roska for å gå på skule. Ungane rodde ofte sjølve, men hadde med seg vaksne om været var dårleg.
Vegen frå garden Hestebeit til Vasstrand skule var enklare og kortare enn over vatnet, men det var stor fare for snøskred om vintrane.
Lærarar
Namn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Herborg Eikeland | Vasstrand og Mjell | 1923 | 1945 | ||||
Ingolf Hellebust | Vasstrand | 1945 | 1947 | ||||
Edvard Espeset | Vasstrand og Mjell | 1947 | 1950 |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Timberlid, Jan Anders (1995) Bygdebok for Gaular band 3: Gaular 1865-1990 - Samarbeid og motsetningar., s. 168 – [Gaular sogenemnd]. ISBN 8299453844.
- Roald Hestebeit (2018) Minne frå Vasstrand skule. Sogehefte for Gaular 2018, s.29