Veum Innkjøpslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Veum Innkjøpslag 569 blei starta i 1914 av innbyggarar i Veum Sokn.

Vedtekter

På fyrste sida i møteprotokollen står det å lese:

"Aar 1914 den 5. januar samledes fleire av Veums Sokns Indbuarar for at danne Indkaupslag for Veum Sokn. Laget vert stiftet aa Lager vedtekne.

Lager for Veums Indkaupslag

$ 1. Lagets formaal er at skaffe medlemerne gode og billige Varer av Kraftfor, Kunstgjødsel, udsædsvarer, Husholdningsmjøl m. m.

$ 2. For at bli medlem maa man forpligte sig til at:

a. Kjøbe det man trenger av kunstgjødsel og kraftfor gjennem lagi.

b. Stille sig gjensidig ansvarlig med de øvrige medlemmer av lagi for de beløp som dette til enhver tid maatte skylde. Ansvarets størrelse blir i tilfælde tap at beregne i forhold til det beløp hver enkelt har modtaget varer for."

(Merknad: Lag er her eit eldre ord for lov, i 2019 har vi det framleis i lagrett/lagmannsrett til dømes. Må ikkje forvekslast med eit lag.)

Dei fylgjande paragrafane $ 3. - $ 6. omhandlar kreditt, betaling, bestilling av varer og val av styre.

$ 7. tek for seg styret sine oppgåver. Det skulle sendast inn beretning til «landhusholdningselskapet» og stå i direkte forbindelse med Fælleskjøbet.Det skulle ta mot bestillingar frå medlemene, syte for å effektuere dei, utlevere varene på ein trygg måte til medlemene og ta opp det lån som var nødvendig for innkjøp.

$ 8 omhandlar tilsetjing av ein løna person, $ 9 utmelding av laget, $10 generalforsamling, $ 11 oppgåver for denne og £ 12 retningsliner for endring av lovene.

Dei fyrste styrene for innkjøpslaget

På styremøte 5. januar 1914 vart det vald som medlemer av styret: Torleif Veum, Olav Kvasjord og I. Bjaadal. Varamenn: A. Thortvedt. O. Tveiten og J. Spokkelid. Ettersynsmænd: Ketil Veum og E. Spokkelid. Garantidokomentet vart underteikna av Torleif Veum, Olav Kvasjord og I. Bjaadal. Som formann vart vald Torleif Veum og som varaformann Olav Kvasjord.

På styremøte 27. april 1914, som vart halde på Veum Forbruksforening, vart det opplyst om at ein førebels hadde fått Hans Bjørnstad til å disponere laget. Medlemene skulle betale kr. 0,10 pr. sekk som skulle tilfalle lagskassa. Overskytande midlar vart lånt ut til ein privatperson mot rente. I 1919 vart Lars Bjaadal tilsatt som forretningsførar for laget.

Dei fylgjande åra går referata i møteboka ut på val av styremedlemer og omsetjing av varer. På eit møte 25. februar 1922 vart det avgjort at medlemene i laget og skulle stå som garantistar for lagerhuset i Skien for Telemark Felleskjøp. I 1925 vart det underskrive nytt garantidokument til Fælleskjøpet i Oslo.

I 1925 hadde laget ein omsetnad på kr. 17 505,79, eiga vart satt inn i Veum Forbruksforening. 1 1926 vart Mikkel Mandt tilsatt som forretningsførar.

Det er i møteboka ikkje kommentert noko i samband med verdskrigen 1940-1945 med omsyn til vareomsetnad.

Siste årsmøtet som er bokført er 8. september 1951 utan merknad om opphøyr.

Biletgalleri

Arkiv

Arkivet blir oppbevart ved Fyresdal folkebibliotek

Kjelder

Arkivmaterialet