Vollevegen (Bø i Telemark)
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Vollevegen-1.jpg&width=400)
Vollevegen med Skomakerstugo til høgre.
Foto: Roy Olsen (2016).
Vollevegen i Øvre Bø i Midt-Telemark kommune er ein blindveg som går sørvestover frå Seljordvegen ved Sandabrua til garden Vollen (gnr. 28/5). Han er om lag 350 meter lang.
Vegen har namn etter garden Vollen og blei namnsett i 1996.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no