Vråliosen hotell
Hopp til navigering
Hopp til søk
Vråliosen hotell (også kalla Vraaliosen/Vråliosen Turisthotel) låg i enden av Vråvatn i Vrådal i Kviteseid kommune. Dette var endestasjon for dampskipsruta som hadde gjenge på Vråvatn og Nisservatn sidan 1867. Hotellet blei starta av Mikkel Flatland i 1895.[1] Seinare overtok Astrid Iversen, og kring 1950 var Kåre Steen eigar av hotellet.[2]
Arkiv
Ei gjestebok og nokre reklameartiklar frå Vråliosen hotell vert oppbevart ved Vest-Telemark Museum. Sjå lenke til oppføring på Arkivportalen.
Referansar
Kjelder
- Nes, Trygve, Postkort fra gamle Telemark, Notodden, T. Nes, 1999. Lenke til digital utgåve på Nasjonalbiblioteket.
- Sætherskar, Johs. (red.), Det norske næringsliv 4: Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949. (s. 820). Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.