Ål historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ål historielag i Ål kommune i Hallingdal vart skipa i 1979. I lag med kommunen driv historielaget Ål Bygdearkiv i Tingstugukjellaren i Ål. I 2020 hadde laget ca. 50 medlemmer.

Aktivitet

Ål historielag held mellom anna møte, kåseri og slektsforskarkurs. Det skipar også til lokalhistoriske turar. Historielaget har bygd opp ei fotosamling, som no (2020) er under digitalisering. Laget har dessutan utarbeidd SEFRAK-registeret for Ål.

I 2016 fekk laget støtte frå Sparebankstiftelsen for å setje i stand stølsvegen til Aal Tjærefabrikk og å teke vare på og skilte restane av fabrikken.[1]

Publikasjonar

  • Gamle vegar i Torpo (hefte).
  • Husmannsplassar i Ål (hefte).
  • Noss, Nils (red.): Ål i krigsåra 1939-45. Utg. 1999. 259 s. Digital versjonNettbiblioteket.

Leiarar

  • Nils Noss
  • Eilev Hefte
  • Bjørn Langseth
  • Thor Warberg
  • Odd Skarsgard

Referansar

  1. Ål historielag, Sparebankstiftelsen.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).
  • Ål Bygdearkiv.