Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artikleneÅbøbyen er ein bydel i Sauda kommune, bygd ut hovudsakleg i første del av 1900-talet av dei amerikanske fabrikkeigarane. Åbøbyen vart planlagt som ein hageby med flotte parkanlegg, storslåtte allear, velregulerte gater, tennisbanar, idrettsbane, bibliotek og butikk, skule og sjukehus. Sjølv om dei arkitektteikna husa hadde god standard etter den tids forhold, var det skilnad på folk: Gatene fortalde kven du var. Haakonsgaten er «paradegata» mellom direktørbustaden og fabrikkporten. Nedst i gata, nærast støy og støv frå fabrikken, budde arbeidarane med lågast status og minst ansiennitet. Vidare oppover i gata, med stadig finare hus og betre leiglegheiter, budde i rekkjefølgje formenn, lågare funksjonærar og høgare funksjonærar – i same gate som direktøren. Liknande bustadområde kan ein finna på andre industristader, slik som Odda, Tyssedal, Jørpeland, Flørli, Glomfjord, Rjukan og Eydehavn. Les mer …Nigard (gnr. 202/3) er eit gardsbruk under matrikkelgarden Mjølver i Jostedalen, Luster kommune. Bruket har gjeve namnet til den kjende Nigardsbreen som har skapt stor dramatikk i soga til Nigard. Nigard var bruket som vart hardast råka av den sterke framrykkinga til Nigardsbreen frå slutten av 1600-talet til midten av 1700-talet. Den fyrste kjelda som fortel om problem for Nigard, er matrikkelutkastet frå 1723. Her heiter det at «breen forøges frem Voxer og fremskyder sig alt dybere og dybere ofver gaardens tilliggende marcher, og kand formedelst kulden udaf samme Jisfield, ingen sæd voxe». Matrikkelkommisjonen gjorde difor framlegg om ei nedsetjing av skatten med 12 merker smør (ca 1/5 reduksjon). Dette var den einaste garden i Jostedalen der det var framlegg om reduksjon, men matrikkelen vart aldri sett i kraft. På hausttinget 1735 vart det teke opp eit tingsvitne der allmugen vitna at «breen nu paa et steen Kast, nær gaardens huuse har nærmet sig». Størstedelen av beite- og slåttemarka til den gamle storgarden var bortteken, og leiglendingen Guttorm Johannesson Nigard måtte tigge både såkorn og eiga føde. Gardeigaren Christopher Munthe hadde ikkje fått betaling for jordleiga på årevis. Les mer …
Polarskuta «Belgica», som er en av verdens mest berømte polarskuter, hviler på bunnen i Harstad hamn. Skuta ble bygd i Svelvik i 1884 og døpt «Patria». «Patria» ble kontrahert av det Christiania-baserte selskapet A/S Patria. Hun var 35 meter lang, 7 meter bred og med en brutto tonnasje på 263 tonn. Hun var bygd for fangst av nebbhval/bottlenose, en tannhval på opptil 10 meter. Fangsten av denne hvalarten startet i Norge i 1883, da det viste seg at spekket var av en høyere kvalitet enn vanlig hvalspekk. Oljen fra bottlenose ble brukt til kremer i farmasøytisk industri og til spindelolje for «finere» instrumenter. Les mer … Ole Sivertsen Hyrve (fødd i Skjåk 16. mai 1814, død same stad 26. desember 1884) var gardbrukar og politikar i Skjåk og ei kortare periode i Grytten i Romsdalen. Han var ein svært sentral person i Skjåks historie på 1800-talet. Han var leiande innan den liberale fløya i bygda i 1870- og -80-åra, og rakk så vidt å bli leiar i det første venstrelaget i Skjåk det siste året han levde.Ole Sivertsen var fødd og oppvaksen på garden Hyrve i Nordberg sokn i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Anne Olsdotter og Syver Sylfestsen. Båe foreldra var kjende haugianarar i bygda. Han hadde fem sysken. Eldst var broren Sylvester Sivertson.
I motsetnad til broren Sylvester fekk Ole lite og ingenting av skolegang ut over allmugeskolen. Som nittenåring i 1833 var han nokre månader hjå broren i Christiania for å få litt undervisning. Undervisning vart det mindre av, men dess meir politiske og ideologiske impulsar frå det miljøet av bondetingemenn og liberal intelligentsia som Sylvester Sivertson stod midt oppe i. Les mer … Flyktningene fra Ungarn som kom til Norge på 1950-tallet, har en helt spesiell historie. Den sovjetiske invasjonen i Ungarn og den massive undertrykkingen førte til at tusenvis flyktet fra landet. Minst 180 000 flyktet over grensen til Østerrike fram til våren 1958, de fleste i november og desember 1956. Presset på Østerrike var enormt, og det vokste opp mange store flyktningeleirer. Til slutt måtte Østerrike stenge grensene, og flyktningemassen vendte mot Jugoslavia. Totalt flyktet omlag 200 000 ungarere fra fedrelandet som følge av den sovjetiske invasjonen. Ungarerne som kom til Norge, var arbeidsdyktige personer med kvalifikasjoner det norske arbeidsmarkedet trengte. Det norske uttaksstyret valgte bevisst faglærte ungarere. Mange kvinner hadde bakgrunn i tekstilindustri, mens mennene var jern- og metallarbeidere eller mekanikere. Les mer …
|
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 73 428 artikler og 210 426 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. Les mer...
Nyeste sider på Lokalhistoriewiki
Nyeste bilder på Lokalhistoriewiki
|