Arstun er eit bruksnamn og appellativ som har vori brukt på Romerike, i Sør-Hedmark, østfoldbygda Rømskauen og den nordvestre delen av Värmland. Arstun er framleis levande som appellativ på Romerike, og brukast oftast i tydinga nabogarden eller nabohuset. Ordet er ei samansetning av andre stova, der fyrste leddet er rekkjetalet andre, og der hovudleddet er ordet stove (f.). Tydinga kan samanliknas med det peikande pronomenet hin, som òg kan tyde den andre av to. Med ei slik tyding blir ordet òg gjensidig, alt etter kor ein sit eller står. Fra gammalt av ser det ut til at der ein gard har vori delt i to eller fleire bruk, har ein brukt Arstun om einannan, ofte med utmerkingsledd som Oppi eller Neri. Framleis finn ein den appellative bruken om gardsbruk på Romerike, men i dei fleste høva har Arstun stivna.
Denne artikkelen byggjer på eit manuskript av historikaren Frode Myrheim, men kan fritt endrast og byggjast ut.
Ordet ser ut til å ha vori i bruk på heile Romerike, Rømskauen i Østfold, Odalen, Solør og Nordvestre Värmland i Sverike. På den norske delen av dette området er det god dekning med gards- og slektshistorie, og ut frå desse ser ein at denne namnebruken må ha vori svært utbreidd i eldre tid. Det interessante med dette utbreiingsområdet på norsk side er at det er identisk med det gamle futedømet Romerike og Solør, som og omfatta Odalen. Dette området var ei syssel i mellomalderen. Ut frå gards- og slektshistorie kan det set ut til at bruken har vori mindre i dei sørlegaste delane av Romerike, som Høland og Enebakk.
Det ser ut til at det ordgeografiske området for arstun er skarpt avgrensa både i sør mot Østfold, om ein ser bort frå Rømskauen, i vest mot Hadeland og i nord mot Toten og Hedmarka. Ordet er truleg ikkje brukt i desse områda. På Hedmarka ser det ut til at det er forma «bo'Li ga'La» («borti garda»), som tilsvarar arstun. På Toten er ein parallell «bo'Li stu'gun» («borti stuggun»). Skal ein døme ut frå dei nyss omtalte bygdebøkene ser det ut til at tyngdepunktet for arstun på Romerike har vori på Øvre Romerike. I Høland er det i dag bare kjent tre bruk ved namn Arstun.
I Solør ser bruken ut til å ha stått sterkast i dei sørlegaste områda som Eidskog, og det er nok her ordet har halde seg lengst i bruk òg. Bruken er godt belagt i heile Odalen, både i nord og sør. Frå Värmland er det som nyss nemnt den nordvestre delen som har belegg i form av stadnamn. Her er det sokn som Ny, Eda, Köla, Järnskog, Skillingmark, Ôstervallskog, Karlanda og Holmedal som har belegg i forma Arstoga.
Kasusbruk og tonem
Arstubygningen på Åsgard i Sørum. Fra 2012 brukes huset som vandrerhjem.
Foto: Jørgen Kirsebom
Innafor det ordgeografiske området av arstun er den mest vanlege forma arstun. Denne forma er særleg vanleg på Øvre Romerike, men ho er òg svært vanleg, der ho finnast, på Nedre Romerike. Og i Solør og Odalen ser Arstun ut til å vera mest brukt. Rømskauen i Østfold har kun døme på Arstua, og følgjer her Østfold som elles berre har –stua, og ikkje –stun, sjølv om denne forma ikkje er kjend elles i Østfold. Det må her leggjast til at det bare er to til tre døme i alt frå Rømskauen. I ein av dei sørlegaste bygdene åt Østfold, nemleg Høland, ser heller ikkje Arstun ut til å vera særleg mykje nytta, men det ser her ut til å vera nytta både Arstun og Arstua.
Det er grunn til å tru at forma med –stun opphaveleg er ei dativform, som seinare har stivna og vorti ståande. og at dei eldste namna med desse formene går attende til ei tid da dativen framleis var levande på Romerike. Jamfør òg dei motsvarande omgrepa frå Hedmarka og Toten ovanfor, dativformene «garda» og «stuggun».
Datering
Når det gjeld spørsmålet om kor gammal denne namnebruken er, er det grunn til å tru at den er etterreformatorisk. Det er heller inga spor etter denne namnetypen korkje i diplomatariet eller i dei eldre jordebøkene som Raudeboka og Aslak Bolts jordebok. Sjølvsagt er ikkje dette noko prov på at namnebruken kan gå tilbake til gammalnorsk tid.
Oppi-Arstun går truleg attende på ei deling av Vestgarden Elstad i 1714. Den andre delen har gått under namnet Neri-Arstun, men seg i mellom har gardane kalla einannan for Arstun.
Neri-Arstun går truleg attende på ei deling av Vestgarden Elstad i 1714. Den andre delen har gått under namnet Oppi-Arstun, men seg i mellom har gardane kalla einannan for Arstun.
Arstun har vori brukt appellativt nesten heilt fram til vår tid om dei to gardane på Oppgarden. Namna går truleg attende på ei deling av Oppgarden i 1797-1798.
Eit bruk som truleg går attende på ei deling i 1756. Ved utskiftinga på Røkholt i 1904 vart garden flytta mot aust. Garden vart då - truleg etter ei tid - kalla Høgstun som hadde namn etter dei to husmannsplassane (den eine plassen vart óg kalla Høgsflaen) som låg her, og det er det namnet som er i bruk i dag.
Arstun går truleg attende på ei deling av Oppgarden i 1693, og har truleg vori brukt appellativt om dei to gardane på Oppgarden i alle fram til 1850, da det eine Arstun vart delt i to. Den eine luten av det delte Arstun vart i 1864 flytta lenger sør og fekk smått om senn namnet Søgarden (bnr. 1). Då den andre luten (bnr. 2) óg vart flytta noko lenger sør, men nord for Søgarden, i 1904 vart Arstun-namnet hengande med og stivna etter kvart, og det bruket (bnr. 5) som låg at har sidan vorti kalla Oppgarden (Okkarn).
Etter fleire delingar vart Fremmin delt i 1814, og dei to bruka vart appelativt kalla Arstun, men kringom 1850 vart det bygd ny stue på den nørdre garden, og frå då vart garden kalla Nystun.
Arstun har vori brukt appellativt om dei to bruka på Dorr i Eidsvoll, gnr. 186, bnr. 1 og 4. Dei to gardane gjekk òg under namnet Oppgarden (Okkarn) og Nedgarden (Negarn), men i daglegtala vart heller Arstun brukt. Dorr vart delt i to bruk i 1650, og det er mogleg at bruken av Arstun går så langt attende.
Namnet gjeng attende på ei deling av Åsgard frå 1841 og inn på 1870-talet. Framleis står ein del av Arstubygningen på den felles tungarden åt dei to Åsgard-bruka.
Arstun kan gå attende på ei deling av Nordre Vettal, òg kalla Store Vettal, på 1660-talet, og kan ha vori brukt appellativt mot den andre halvdelen av Nordre Vettal, Nordgarden.
Arstun har vori brukt appellativt om dei to gardane som ligg utmed einannan på Fonbekk. Det tredje bruket - Svingen (bnr. 3 med fleire) - ligg for seg sjølv lenger aust, og vart frådelt det eine Arstun (bnr. 2) kringom 1800. Kanskje går bruken av Arstun attende til delinga av Fonbekk frå midten av 1600-talet.
Arstun har vori brukt appellativt om to av dei tre Døli-gardane, som nå ligg att på den gamle tunstaden. Den tredje garden ligg i det som i dag er Jessheim, og kallast Romsås etter tidligare brukarar. Bruken av Arstun går kanskje attende til delinga av Døli kring 1680.
Arstun Haug, bnr. 6, og går kanskje attende på ei deling av Negarden på 1830-talet. Elles har òg Oppigarden Haug, bnr. 1, vori kalla Arstun av dei i Arstun, bnr. 6. Namna har med andre ord vori nytte appellativt, òg det kan difor hende at dei to bruka etter delinga av Haug tidleg på 1700-talet kalla einannan for Arstun, og at Oppigarden og Negarden er namn frå delinga på 1830-talet.
Arstun var i følgje Våler Bygdebok, side 724, hovdebølet på Nordre Snarhol, og vart seinere delt i to bruk. Arstun kan gå attende på ei deling av Snarhol tidleg på 1700-talet i Nordre- og Søndre Snarhol.