Gunnar Mandt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Mandt.
Foto: Henta frå Brandval-boka I, bygdehistorie. (Utg. 1953).

Gunnar Tarjusson Mandt (fødd 12. juli 1869 i Kviteseid, død 21. september 1949) var skulemann og lokalhistorikar.

Han var son av Tarjus Thovsson (f. 1829) og Kristi Svensdotter (f. 1835). Han vart gift med Gunhild Dalen (f. 1880).

Han tok lærareksamen ved Kviteseid Seminar i 1889, og var først folkeskulelærar i Kviteseid og så i Vestre Slidre. I 1910 vart han lærar i framhaldsskulen på Skotterud i Eidskog. Der var han til han gjekk av for aldersgrensa i 1939.

Han var aktiv i den frilynde ungdomsrørsla, og var bladstyrar for bladet Valdres. Dette hadde han òg skipa. Hans verke som lokalhistorikar byrja med Varden-boka i 1925. I samband med 100-årsjubileet for formannskapslovane var han hovudforfattar til Jubileimsskrift for Solør-Odal. Han skreiv manus til to band av Brandval-boka, som kom ut etter at han døydde.

Litteratur og kjelder