Johan Magnus Nerbøvik
Johan Magnus Nerbøvik (fødd 12. juli 1902 i Volda, død 1979) var fotograf på Volda frå 1924 til 1975.
Han var son av Johan Halvorsen Nerbøvik og Martha Vartdal. Gift i 1936 med Ingebjørg Ulla, datter av Severine og Karl Ulla. Dei fekk to søner og to døtrer. Utlært hos faren, overtok i 1924 den forretninga han hadde starta i 1898.
Sonen Jostein Nerbøvik (1938 - 2004) har teke vare på arkivet, ca. 30 000 negativ, og gav i 2001 ut boka Løyndom og røyndom. To fotografar i Volda 1898-1979, ei bok om sin far og farfar sin verksemd som bygdefotografar i Voldasamfunnet. Boka utgjer bind 3 i serien Volda-soga 1800-1945
Fotografen Nerbøvik
Nerbøvik tok over atelieret til faren midt i Volda sentrum. Arbeidet hans frå denne basen er bliitt ein viktig dokumentasjon på utviklinga i bygdebyen Volda og området rundt. Den største produksjonen er portrett. Portrett frå heile livsløpet til folk i området. Mykje av det er atelierproduksjon, men han farta også rundt i bygdene og oppsøkte folk i heimane. Nerbøvik hadde eit godt grep på denne genren, slik at han fekk fleire prisar på foto-utstillingar. Illustrasjonane til denne artikkelen er døme på det.
Men motiv-krinsen hans var mykje vidare. Produksjonen til Nerbøvik skildrar "alle" slags aktivitetar i det området han dekka: Utviklinga av næringslivet. Utviklinga av kulturlivet; som skular, kyrkjeliv, ifdrett, song og musikk osv. Biletarkivet etter Nerbøvik er såleis ei rik kjelde for den som vil sjå tilbake på den bære fortida.
Nerbøvik som borgar i lokalsamfunnet.
Ved sida av sitt viktige arbeid som fotograf, var Nerbøvik ein viktig aktør i sitt lokalsamfunn. Han hadde mange ulike evner og interesser,
Kjelder
- Johan Magnus Nerbøvik i Historisk befolkningsregister.
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Johan Magnus Nerbøvik på Digitalt museum.
- Johan Magnus Nerbøvik på KulturNav.
- Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer : fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Utg. Universitetsbiblioteket i Bergen. 1980. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Nerbøvik, Jostein: Løyndom og røyndom. To fotografar i Volda 1898-1979, 2001.
Johan Magnus Nerbøvik er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |
|