Jostein Nerbøvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jostein Nerbøvik 2001
Foto: Ragnar H. Albertsen

Jostein Nerbøvik (fødd 10. juli 1938 i Volda, død 18. mars 2004 i Oslo) var ein framståande historikar med omfattande lokal- og annan faghistorisk produksjon. Etter oppveksten i Volda studerte han historie hovudfag i Oslo og avla eksamen i 1967 med oppgåva Antiparlamentariske straumdrag i Noreg 1905-1914. Oppgåva kom ut i bokform kort tid etter.

Nerbøvik var ein av pionerane i oppbygginga av distriktshøgskulesystemet i Noreg, med tilsetting ved Telemark distriktshøgskule i Bø i Telemark i 1971. Der skreiv han òg første versjon av den læreboka som fram til 2012 var i bruk på dei fleste årsstudium (grunnfag) i historie ved norske høgskular og universitet: Norsk historie 1870-1905 (1973). Siste utgåva av denne boka kom i 1999. Medan han var i Bø engasjerte han seg i forsking og formidling av lokal- og regional historie for Telemark, m.a. gjennom boka Bønder i kamp. Bygdefolkets krisehjelp 1925-1935 (1991), som han i 1993 disputerte for graden dr.philos. med ved Universitetet i Trondheim.

I 1983 kom han tilbake til Volda og engasjerte seg tidleg i lokalhistorisk arbeid her, både som tilsett ved distriktshøgskulen og i lokalsamfunnet som redaktør for Voldaminne i fleire år. Da høgskulane fekk høve til å tilsetje professorar i 1993, hadde Nerbøvik alt fått godkjent kompetansen og vart ein av dei første professorane ved det som frå 1994 vart Høgskulen i Volda.

Frå kring 1990 og til han døydde hadde han òg eineansvar for bygdebokserien Volda-soga 1800-1945, der han rakk å fullføre fire band. Det tredje bandet heiter Løyndom og røyndom. To fotografar i Volda 1898-1979, og handlar om hans far Johan Magnus Nerbøvik og farfaren Johan Halvorsen Nerbøvik, som var fotografar i Volda.

Gjennom 1990-åra var Nerbøvik ein av dei viktigaste forkjemparane for Ivar Aasen-tunet, det nasjonale opplevings- og dokumentasjonssenteret for nynorsk skriftkultur i Hovdebygda i Ørsta.

Nerbøvik skreiv til saman 10 bøker, dusinvis med artiklar og heldt mange foredrag. Ottar Grepstad held Nerbøvik for å «vere den mest kresne stilisten i nynorsk sakprosa» og «ein av dei fremste til å skrive norsk i det heile».

Nerbøvik er gravlagt ved Gamlebyen gravlund i Oslo.

Bibliografi

Lokalhistorisk bibliografi (Volda)

Litteratur

Jostein Nerbøvik er gravlagt ved Gamlebyen gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013)
  • Døssland, Atle 2004: Jostein Nerbøvik (1938-2004). HIFO-nytt 2/2004 s. 4-5.
  • Grepstad, Ottar 2004: Jostein Nerbøvik 1938-2004. Utdelt ved minnestund 18. mars 2004.
  • Omslagstekstar Volda-soga 1800-1945.