Loftsgardsgrendi (veg i Seljord)
Loftsgardsgrendi er ein veg i Nordbygdi i Seljord kommune som slyngjer seg i bratt lende nordover frå Nordbygdivegen til den tidlegare garden Kodde vestre. Det går sidegreiner til gardane Loftsgarden midtre og Li øvre.
![](/thumb.php?f=Seljord%2C_Loftsgardsgrendi-1.jpg&width=400)
Loftsgardsgrendi med husa på garden Loftsgarden søndre, Sudistugo.
Foto: Roy Olsen (2018).
Vegen utanom sidegreinene er kring 1,7 km lang, har ei stigning på 175 m og er utan fast dekke. Han har namn etter grenda og går gjennom jordbrukslandskap.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no