Skulehistorie i Askvoll
Skulehistorie i Askvoll skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Askvoll kommune si skulehistorie.
I Askvold prestegjeld vart den første skulefundasen utarbeidd i 1743. Denne gjev eit oversikt over reglar for skuleverket, som i starten fungerte som omgangsskule. Prestegjeldet var på den tida delt i fire sokn, og kvart av desse skulle ha ein eigen skulemeister. Denne læraren som reiste rundt skulle få kost og losji rundt om på gardane der han underviste. Bygdefolket hadde også plikt til å skysse lærarane mellom krinsane.
I 1990 kom ei stor kommuneregulering langs Dalsfjorden, då kommunegrensa mellom Fjaler og Askvoll vart lagt etter fjorden: Sørsidebygdene Fure, Grytøyra, Korssund, Våge og Folkestad vart overførde frå Askvoll til Fjaler. Nordsidebygdene Helle, Vårdal, Holmedal, Rivedal og Fossedal vart overførde frå Fjaler til Askvoll, og dei austlegaste grendene på nordsida frå Laukeland til og med Kleppe vart overført frå Fjaler til Gaular kommune.
Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.
Oversikt over skulekrinsar
Namn på krins | Årstal 1 | Årstal 2 | Kommentar |
---|---|---|---|
Askvoll krins | 1891 | 1896 | |
Eide krins (Askvoll) | 1891 | 1896 | |
Stavenes krins | 1891 | 1896 | |
Mjåset krins | 1891 | 1896 | |
Holevika krins | 1891 | 1896 | |
Eimind krins | 1891 | 1896 | |
Høyvika krins (Askvoll) | 1891 | 1896 | |
Hærland krins | 1891 | 1896 | |
Gjerdvika krins | 1891 | 1896 | |
Leirvåg krins | 1891 | 1896 | |
Vilnes krins | 1891 | 1896 | |
Olset krins | 1891 | 1896 | |
Værlandet krins | 1891 | 1896 | |
Bulandet krins | 1891 | 1896 | |
Holmedal krins | Tidlegare Fjaler | ||
Rivedal krins | |||
Vårdal krins | |||
Krinsar som var ein del av Askvoll, men som no ligg i Fjaler:
Fure krins
Furset krins
Korssundet krins
Folkestad krins
Våge krins (Askvoll/Fjaler kommune
Skuleveg
Jens Stubseid, født i 1882 fortel om skulevegen "Me hadde som regel lang skuleveg. Men vegar fanst omtrent ikkje i heile prestegjeldet. Skulen gjekk på omgang, 14 dagar og 3 veker på kvar stad. Det var tre skulekrinsar, og same kvar skulen var, hadde ein minst 6 km. veg, med tresko på beina."
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|
Skular og elevtal
Arkiv
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Femårsmeldingar frå Askvoll:
- Indberetning om Folkeskolen i Askvold (Søndfjord) for femaaret 1891-1895. Florø, N.B. Amtstidenes trykkeri
- Beretning om Askvolds folkeskoler for femaaret 1896-1000. Florø, A. Johannesens Bog- og Akcidentstrykkeri, 1901.
- Sogn og Fjordane I manns minne Daglegliv ved hundreårsskiftet, 1973 Sverre Myklebust (Red) Det Norske Samlaget, Oslo Tilgjengelig på Nasjonalbiblioteket
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
Skulehistorie i Askvoll er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid! Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no. |