Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane | |
---|---|
Fylkesnummer | 14 |
Basisdata | |
Adm.senter | Hermansverk |
Areal | 18619.21 km² |
Andel land | 17698.82 km² |
Andel vann | 920.39 km² |
Folketall | 110 230 (2018) |
Internettside | Internettside |
Historisk inndeling | |
Len | Bergenhus |
Amt | 1662–1783: Bergenhus 1783–1919: Nordre Bergenhus |
Sogn og Fjordane var eitt av vestlandsfylka. Det omfatta tre distrikt: Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, og grensa til Hordaland, Buskerud, Oppland og Møre og Romsdal. Fylket var kjend for sin flotte natur. Sognefjorden er den lengste fjorden i landet, medan Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske fastlandet. Det er tre byar i fylket: Florø, Førde og Måløy. Florø er Norges vestlegaste by.
I middelalderen var området delt i to fylke, Firdafylke og Sognafylke. Desse vart i seinmellomalderen innlemma i Bergenhus len. Ved omorganiseringa frå len til amt i 1662 forble dette intakt som Bergenhus stiftamt. I 1783 vart amtet så delt, og dagens Sogn og Fjordane vart utskilt som Nordre Bergenhus amt.
Den 1. januar 2020 vart Sogn og Fjordane og Hordaland som del av regionreforma 2014–2018 slått saman til nye Vestland fylke.
Kommunar
Lista over kommunar viser status per 31. desember 2019, Sogn og Fjordane sin siste dag som eige fylke. Endringar i kommunestrukturen 1. januar 2020 er sett i parentes.
- Askvoll kommune
- Aurland kommune
- Balestrand kommune (del av Sogndal kommune frå 2020)
- Bremanger kommune
- Eid kommune (del av Stad kommune frå 2020)
- Fjaler kommune
- Flora kommune (del av Kinn kommune frå 2020)
- Førde kommune (del av Sunnfjord kommune frå 2020)
- Gaular kommune (del av Sunnfjord kommune frå 2020)
- Gloppen kommune
- Gulen kommune
- Hornindal kommune (del av Volda kommune i Møre og Romsdal frå 2020)
- Hyllestad kommune
- Høyanger kommune
- Jølster kommune (del av Sunnfjord kommune frå 2020)
- Leikanger kommune (del av Sogndal kommune frå 2020)
- Luster kommune
- Lærdal kommune
- Naustdal kommune (del av Sunnfjord kommune frå 2020)
- Selje kommune (del av Stad kommune frå 2020)
- Sogndal kommune
- Solund kommune
- Stryn kommune
- Vik kommune
- Vågsøy kommune (del av Kinn kommune frå 2020; Bryggja til Stad kommune frå 2020)
- Årdal kommune
Sjå òg
|