Karlstad (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Karlstad (Fyresdal gnr. 37/5/13) er ein bygning i Folkestadbyen i Fyresdal og har adresse Skippergata 5. Husstaden er mellom Bakeriet og elva.

Karl Gustav Walquist leigde i 1892 jordstykket Karlstad av Fyresdal Forbruksforening for 400 kroner. Karl Gustav kom frå Vexsjø i Sverige, var gift med Birgit Olavsdtr. og var skreddar. Hus hadde han fått frå Kåsa under Nesland.

Lars Bjørguvson fekk skifteheimel på tomt og hus for 866 kroner i 1905. Etter dette har det vore fleire eigarar med ulikt yrke. Olaus Skogstad tok over i 1933 og bygde nye hus etter 2. verdskrig. Han arbeidde i Statens Vegvesen.


Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag, s. 11, 14.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.