Bergset (Jostedalen)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bergset (Luster, gnr. 211) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden er den vestlegaste i Krundalen og har gjeve namnet til Bergsetbreen. I aust grensar garden mot Grov.
Bergset var den av gardane i Krundalen som vart hardast råka av framrykkinga til breane under den vesle istida. Bergset og Grov hadde fyrst stølar i Bergsetdalen, men i 1684 hadde breane i Bergsetdalen gått så mykje fram at stølsområdet var øydelagd. Rettsdokumentet om stølsflyttinga er det fyrste vitnemålet i Noreg om at breveksten under den vesle istida valda økonomisk skade.[1]
Notar
- ↑ Tingbok for Indre Sogn, 1684 (Jostedal historielag)
Litteratur
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)
- «Bergset», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane]