Bergset (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bergset
Bergset.jpg
Alt. namn: Bersetter (1600), Bersæter, Berset
Fyrst nemnd: 1600
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 211

Bergset (Luster, gnr. 211) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden er den vestlegaste i Krundalen og har gjeve namnet til Bergsetbreen. I aust grensar Bergset mot Grov. Garden er fyrste gong nemnd i skattelista frå 1600 då Thore Bersetter var leiglending.[1] Heimane under Bergset sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Den vesle istida

Bergset var den av gardane i Krundalen som vart hardast råka av framrykkinga til breane under den vesle istida. Bergset og Grov hadde fyrst stølar i Bergsetdalen, men i 1684 hadde breane i Bergsetdalen gått så mykje fram at stølsområdet var øydelagt. Rettsdokumentet om stølsflyttinga er det fyrste vitnemålet i Noreg om at breveksten under den vesle istida valda økonomisk skade.[2]

Bergset har òg vore hardt råka av snøskred. I eit rettsdokument frå 1742 heiter det: "Herforuden Sneeskreeden i tvende gange udj 18 eller 20 Aars tid at reigne, hafde borttaget all gaardens huuse, som paa nye tuffter vare henflytted."[3] Det må vera snakk om to skredulukker med 18-20 års mellomrom, men det er uvisst kor lenge før 1742 dette hende. Etter dette vart gardstunet flytt kring 200 meter lenger vest der det ligg i dag for enden av fylkesvegen gjennom Krundalen.

Utover på 1700-talet skaut Tuftebreen ut av Tufteskardet og ned i Krundalen rett framanfor det nye tunet på Bergset. I 1742 låg bretunga heilt ned til Krundøla, og sida på breen var berre 250 meter frå gardstunet på Bergset (sjå Tuftebreen). Ei åstadsforretning i august 1742 gjer at ein har detaljert kunnskap om denne denne framrykkinga.[4]

Bruk

  • Bnr. 1 Bergset - det opphavlege bruket
  • Bnr. 2 Bergset (Bergsethaugen) - utskild frå bnr. 1 26.5.1838
  • Bnr. 3 Bergset - var eige bruk delar av 16- og 1700-talet, og vart endeleg fråskilt bnr. 1 4.6.1860
  • Bnr. 4 Myrehaugen - tidlegare husmannsplass, fråskild bnr. 1 6.7.1907
  • Bnr. 5 Myrebø - tidlegare husmannsplass, fråskild bnr. 1 12.7.1915

Husmannsplassar

Det har vore fem husmannsplassar under Bergset:

  • Furehaugen - rydda kort før 1800, nedlagd kring 1867
  • Myrehaugen - rydda kring 1814, delt i to (Myrehaugen og Myrebø) i 1845, utskilde som bnr. 4 i 1907 og bnr. 5 i 1915
  • Brænna - rydda kring 1840, nedlagd kring 1873
  • Kongsbakken - rydda kring 1881, nedlagd i 1947

Notar

  1. ↑ Skattelista 1600 (Jostedal historielag)
  2. ↑ Tingbok for Indre Sogn 1684 (Jostedal historielag)
  3. ↑ Snøskred på Bergset før 1742 (Jostedal historielag)
  4. ↑ Tingbok for Indre Sogn 1742 (Jostedal historielag)

Kjelder og litteratur

Koordinater: 61°38′42″ N 7°10′15″ Ø