Bergset (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Bergset (Luster, gnr. 211) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden er den vestlegaste i Krundalen og har gjeve namnet til Bergsetbreen. I aust grensar garden mot Grov.

Bergset var den av gardane i Krundalen som vart hardast råka av framrykkinga til breane under den vesle istida. Bergset og Grov hadde fyrst stølar i Bergsetdalen, men i 1684 hadde breane i Bergsetdalen gått så mykje fram at stølsområdet var øydelagd. Rettsdokumentet om stølsflyttinga er det fyrste vitnemålet i Noreg om at breveksten under den vesle istida valda økonomisk skade.[1]

Dei neste tiåra vart det endå verre. Utover på på 1700-talet skaut Tuftebreen ut av Tufteskardet og ned i Krundalen rett framanfor Bergset. I 1742 låg bretunga heilt ned til Krundøla, og sida på breen var berre 250 meter frå gardstunet på Bergset (sjå Tuftebreen).

I rettsdokumentet frå 1742 går det òg fram at Bergset var hardt råka av snøskred: "Herforuden Sneeskreeden i tvende gange udj 18 eller 20 Aars tid at reigne, hafde borttaget all gaardens huuse, som paa nye tuffter vare henflytted."[2] Etter dette vart gardstunet flytt nokre hundre meter lenger vest der det ligg i dag.

Notar

  1. Tingbok for Indre Sogn, 1684 (Jostedal historielag)
  2. Tingbok for Indre Sogn 1742 (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Bergset», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Mal:Infoboks gardsbruk