Peder Pavels
Peder Pavels (fødd 15. desember 1769 i Hjelmeland, død 30. juli 1855 i Sandar) var teolog. Han var son av prost og sokneprest Peder Pavels i Hjelmeland og Birgitte Kristine Hielm. Pavels gjekk ut frå Bergens skole i 1788 og tok teologisk embetseksamen i 1792. Frå 1794 var han orlogsprest før han 16.1.1801 vart sokneprest i Gloppen, Sogn og Fjordane. Frå 17.5.1817 var han òg prost i Nordfjord.
Pavels var valmann i samband med det ekstraordniære stortingsvalet hausten 1814.
Pavels vart utnemnd til sokneprest i Kragerø 7.1.1829 og Sandeherred (Sandar) 12.9.1833 der han var til han fekk avskil i 1846.
Pavels gifte seg i København 2.3.1801 med offisersdottera Anne Elisabeth Hedvig Pflueg (1775-1857). Dei fekk følgjande born som voks opp:
- Maria Pavels (1802-1849), ugift
- Birgitte Kristine Pavels (1802-1891), ugift
- Charlotte Dorothea Pavels (1805-1862), ugift
Systrene nytta arven til å opprette Birgitte og Charlotte Pavels's Legat for trængende Frøkener og Enker. Tidlegare hadde dei oppretta eit legat for fattige gardbrukarar og husmenn i Gloppen.
Kjelde: Lampe II s. 185 (fleire ref. om legata)
Litteratur
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 185. (Digital utgåve)