Peder Pavels

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Peder Pavels, fra boka Sandeherred, utgitt 1918.

Peder Pavels (fødd 15. desember 1769 i Hjelmeland, død 30. juli 1855 i Sandar) var teolog. Han var son av prost og sokneprest Peder Pavels (1724-1777) i Hjelmeland og Birgitte Christine Hielm (1739-1820).

Pavels gjekk ut frå Bergens skole i 1788 og tok teologisk embetseksamen i 1792. Frå 1794 tenestegjorde han som skipsprest og var med både til Vestindia og Middelhavet. Han skreiv dagbok frå eit tokt med fregatten "Thetis" til Middelhavet 1796-97.

Han vart 16.1.1801 utnemnd til sokneprest i Gloppen, Sogn og Fjordane. Frå 17.5.1817 var han òg prost i Nordfjord.

Pavels var valmann i samband med det ekstraordinære stortingsvalet hausten 1814.

Pavels vart utnemnd til sokneprest i Kragerø 7.1.1829 og Sandeherred (Sandar) 12.9.1833 der han var til han fekk avskil i 1846.

Stefaren til Pavels var sokneprest Niels Friis i Hafslo. Pavels gifte seg i København 2.3.1801 med offisersdottera Anne Elisabeth Hedvig Pflueg (1775-1857). Dei fekk følgjande born som voks opp:

  • Maria Pavels (1802-1849), ugift
  • Birgitte Christine Pavels (1802-1891), ugift
  • Charlotte Dorothea Pavels (1805-1862), ugift

Peder Pavels var velståande, og systrene nytta delar av arven til å opprette to legat: Peder Pavels's og Anna Elisabeth Pavels's Legat "til Bedste for Allmuen i Gloppen", og Birgitte og Charlotte Pavels's Legat "til Bedste for ældre Damer (Frøkener og Enker)".

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer