Storfe
Storfe er i praksis kyr i skandinavisk samanheng, i motsetning til i Sør-Europa der ein òg har bøffelhald. Eit vakse hodyr blir kalla ku, eit vakse hanndyr blir kalla okse og eit dyr som ikkje er vakse enno blir kalla kalv. Ei ungku som enno ikkje har hatt kalv kallar vi ei kvige. Tradisjonelt blir kyrne hovudsakleg haldne som mjølkekyr, men er òg vanleg å ha dei i rein kjøttproduksjon. Det finst fleire eldre kurasar i Noreg: austlandsk raudkolle, vestlandsk raudkolle, vestlandsk fjordfe, sidut trønderfe og nordlandsfe, dølafe og telemarksfe. Nyare kryssa rasar inkluderer hedmarksfe, hornut slettefe og norsk raudt fe. I våre dagar blir det halde fleire andre feslag òg, inkludert skotsk høglandsfe.
Bildegalleri
Austlandsk raudkolle
Vestlandsk raudkolle
Vestlandsk fjordfe
- Vestlandsk fjordfe (og ei STN-ku) på beite på Ertvågsøya, juli 2010.Foto: Olve Utne
- Kalvar av vestlandsk fjordfe i Dalan under Hals (Aure), juli 2014.Foto: Olve Utne
Sidut trønder- og nordlandsfe
- STN-kalv ved Rausjødalen Setermeieri i Tolga kommune i Nord-Østerdalen, mars 2007.Foto: Knut E. Haug
STN på Mo i Surnadal kommune, juli 2010.
STN på Mo i Surnadal kommune, juli 2010.
STN på Myran i Oppdal kommune, juli 2010.
STN på Myran i Oppdal kommune, juli 2010.
STN på Myran i Oppdal kommune, juli 2010.
STN på Myran i Oppdal kommune, juli 2010.
STN på Myran i Oppdal kommune, juli 2010.
STN på Myran i Oppdal kommune, juli 2010.
Telemarksfe
- Inga Langås med ei gild Telemarksku. Bildet er tatt på plassen Langås i Lurdalen i Øvre Eiker kommune i 1925.Foto: ukjent
- Telemarkskyrne Lauvros og Songros, Ramberg i Seljord kommune.Foto: ukjent
- Sigrid Sørby lærer opp neste generasjon i melking. Langebru ved Hokksund i Øvre Eiker kommune, 1953.Foto: ukjent
Frå informasjonsskriv frå Telemarkskyri meieri, 2008.