Aure kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Aure
Imarsundbrua.
Basisdata
Kommunenummer 1576
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Aure
Areal 641.37  km²
Areal land 622.24  km²
Areal vatn 19.13  km²
Folketal 3 593 (2018)
Grunnlagt 1837
Samanslåing(ar) 1965: Deler av Valsøyfjord og Tustna innlemma
2006: resten av Tustna innlemma.
Frådeling(ar) 1894: Valsøyfjord eigen kommune.
1975: Engdal og Rodal overført til Halsa.
Målform Nøytral
Nettside Nettside
23811 Imarsundbrua.jpg
Imarsundbrua.

Aure kommune ligg på Nordmøre og hører administrativt til Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg nordaust på Nordmøre og grensar til trøndelagskommunane Hitra over Trondheimsleia i nordaust og Heim over land i aust og over Vinjefjorden i sør; og til Møre og Romsdals-kommunane Tingvoll over Årsundfjorden i sørvest, Kristiansund over Talgsjøen i vest og Smøla over Edøyfjorden i nord. Saman med Smøla kommune og Halsa i Heim kommune utgjer kommunen distriktet Nordre Nordmøre. Regionsmessig sett ligg kommunen i brytningsområdet mellom Nordmøre, Fosen og Orkdalen, og kommunen er frå hausten 2020 av medlem av både Nordmøre IPR (tidl. Orkide) og Orkdal IPR.[1] Bunadsskikken varierer mellom nordmørsbunad (særleg på Tustna) og aure/hemne-bunaden. Lokalavisa Søvesten dekkjer Heim og Aure. Dei mest lesne regionalavisene er Tidens Krav (Kristiansund) og Adresseavisen (Trondheim). Kystlaget Geitbåtens Venner (og tidlegare Imarsundet kystlag òg) held til i kommunen.

Geografi

Kommunen består, rekna frå vest mot aust, av øyene Golmøya, Tustna, Solskjelsøya, Stabblandet, Ertvågsøya, Grisvågøya, Lesundøya og Skarsøya, og i aust ligg Aurlandet som den vestlege delen av ei halvøy delt mellom Aure og Hemne kommunar. På alle desse, og i tillegg på nokre mindre øyer og holmar, finst det matrikkelgardar. Bygder og grender inkluderer Sør-Halsnes, Sør-Tustna, Leira, Gullstein, Sålåsundet, Nordheim, Foldfjorden, Ålmo, Vågosen, Mjosundet, Aure sentrum, Todalen, Stemshaug og Kjørsvikbugen.

På Lesundøya ligg Ungdomshuset Strandtun, og øya hadde eigen skulekrins til 2009.

Administrasjonshistorie

Tinglag

Nordmørs fogderi i Trondheims len kring 1647. Viks tinglag er markert i mørkeblått og Halsa tinglag i lilla. Det tilgrensande Hemne tinglag låg under Fosens len.

Det som no er Aure kommune svarar til det meste av Viks tinglag, men området vest for Imarsundet (Stabblandet og Tustna) hørte til Halsa tinglag og nordaustsida av Skardsøya og austover til Kjørsvikbugen hørte til Hemne tinglag. Vinje låg til Viks tinglag, men ligg no i Heim kommune. Så vidt vi veit om, svara tinglaga her til dei gamle skipreidene.

Prestegjeld

Aure prestegjeld vart delt i Aure og Edøy i 1749, og Hitra prestegjeld vart delt i Hitra og Hemne prestegjeld i 1765.

Kommune

Det har vore fleire justeringar av kommunegrensene. Fram til 1964 var kjerneområdet av det som i dag utgjer Aure tre kommunar — Tustna, Aure og Stemshaug. Stemshaug vart ihopslegen med Aure i 1965; og samtidig vart vestsida av Ertvågsøya overført frå Tustna til Aure, og innersida av Ertvågsøya, som hittil hadde hørt til Valsøyfjord kommune, vart lagt til Aure. Rodal og Engdal sørom Vinjefjorden, som låg under Aure fram til 1974, vart overført til Halsa i 1975. Tustna vart ihopslegen med Aure kommune den 1. januar 2006.

Aure hørte med til nordmørskommunane som vedtok å utreie og arbeide for overgang til Trøndelag per desember 2016, eit initiativ som kommunepolitikarane plutseleg gikk bort frå.
Per desember 2019 hadde dei nye kommunestyra i Aure, Kristiansund og Smøla gjort vedtak om å utgreie overgang til Trøndelag med etterfølgjande folkeavstemning.

Kommune- og regionreform i 2010-åra

I kommunereformen 2014–2020 skreiv Aure kommune under to intensjonsavtalar:

Det vart arrangert rådgjevande folkeavstemning om desse to alternativa og nullalternativet den 25. april 2016. Resultatet vart tydeleg fleirtal mot samanslåing. Samtidig stemte ca. 67 % for Hemne-alternativet om det skulle bli samanslåing, mens ca. 24 % stemte for Kristiansund-alternativet.

Resultatet viser elles stort samsvar med fleire meiningsmålingar frå Sentio og InFact frå 2015 til 2019; dataa for Aure kommune er:

publ. byrå Møre og Romsdal veit ikkje Trøndelag merknader
2015-01 InFact[2] 2x % 6x % (trunkerte tal pga. lite utval)
2015-10
2016-02 InFact 24,6 % 8,7 % 66,7 %
2017-04 Sentio 24 % 2 % 74 %
2019-03 Sentio[3] 33 % 0 % 67 %
2019-04 InFact[4] 21,7 % 12,7 % 65,6 %
2021-08 Sentio[5] 37 % / 36 % 9 % / 6 % 55 % / 58 % (1. verdi: alle; 2. verdi: dei som seier dei vil stemme)

Aure kommune er medlem av ORKidé (Nordmøre regionråd), og etter kommunevalet 2019 gjorde det nye kommunestyret vedtak om å søkje medlemsskap med observatørstatus i Orkdalsregionen.

På valdagen for Stortingsvalet 2021 blir det òg rådgjevande folkeavstemning i Aure kommune om fylkesbytte til Trøndelag.

Språk

Dialekt

Den tradisjonelle dialekten i heile kommunen hører med til den uttrøndske gruppa innanfor trøndermåla. Nærmare bestemt er dialekten typisk nordmøring med tjukk l, inkludert i -ord i store deler av kommunen (minst på innersida av Tustna); jamvekt med kløyvd infinitiv; og ulik ending i eintal bestemt form nominativ/akkusativ av svake hokjønnsord (/-a i ord som bókjä, äłvä; /-o i ord som bøttå/bøtto, hokkå/hokko).

En del trekk er typiske for gamle Aure og Hemne prestegjeld — frå Tustna, Smøla og Valsøyfjorden i vest og til Hemne og store deler av Snillfjord kommunar i aust. Hit hører blant anna ordet sný, bruken av pronomenet æ (og dels äg(g), äk(k); men Tustna har tradisjonelt é); skjúr (Aure, Valsøyfjord, Hemne, Snillfjord); nektingsadverbet ittj (Stemshaug, Hemne, Snillfjord; Aure varierer; og Tustna har ikkje, som rettnok ser ut til å vera ei yngre form på Stabblandet).

Skulemål og administrasjonsspråk

Kunst og handverk

Draktskikk og bunader

Kunst

Kystkultur

Båtar

Nybygd aurgjeldsfyring ved Husasnotra i nabokommunen Halsa.
Foto: Olve Utne (2015).
Åfjords-sildgansfyring ved Aure.
Foto: Kristian Kielland (1936).

Aure kommune ligg i skjeringspunktet mellom tre primære tradisjonsbåtområde:

Søfjordingen hadde sitt tyngdepunkt i Skålvikfjorden, rett innanfor SålåsundetTustna, fram mot slutten av 1800-talet, medan området kring Aursundet og innover mot Vinjeøra var kjerneområdet for aurgjeldgeita. Utover mot Trondheimsleia, særleg lengst aust, var det akkurat som på Smøla vel så vanleg å bruke grisbåtar (åfjordsbåtar). Aurgjeldgeita vart etterkvart òg mykje prega av åfjordstradisjonen.

Til heimefiske og småærend vart òg småe, tverrskotta og flatbotna båtar som blir kalla kokså (Tustna) eller pramo (Aure), bruka. Desse båtane skal vera basert på nordamerikanske skiffs.

Dei største tradisjonsbåtane det finst levande tradisjon på at har eksistert i kommunen er åttringar med åtte par årar, og somme har nemnt kjerkjebåtar med ni par årar. Kjerkjebåten «Fjordamerra» frå 1842 med sju årepar er den eldste — og største — kyrkjebåten som er bevart i området, og det er bygd fleire kopiar av han frå 1990-åra av.

Utetter andre halvdel av 1800-talet kom fleire båttypar i bruk i området. Ein av desse typane var lysterbåten eller nordmørslystringen; ein annan variant var nordlandsbåten, som det da òg vart bygd somme av lokalt; og éin båtbyggjar bygde endatil nordfjordsbåtar.

Bryggjer og naust

Svalgangsbryggje og svalgangsnaust i ArasvikaErtvågsøya.
Foto: Olve Utne (2015).
Svalgangsbryggje på Innerberg ved Sålåsundet.
Foto: Olve Utne (2008).

I Aure kommune finst den største konsentrasjonen av bevarte svalgangsnaust og svalgangsbryggjer i landet.

Næringsliv

Tjeldbergodden industrianlegg vart bygd av Statoil i 1990-åra. Før utbygginga vart det utført arkeologiske utgravingar, der ein gjorde funn frå Fosnakulturen frå yngre steinalder.

Aursundbrua går over Aursundet, og bind saman øyene og fastlandet.

Sjå òg

Galleri

Litteratur