Ola Strond

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. mar. 2022 kl. 11:45 av MortenHV (samtale | bidrag) (sortkey)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
bildetekst

Ola Strond (Søynin) (1813 - 1902) var spelemann, gardbrukar, konstruktør av etasjeomnar og oppfinnar frå Vang i Valdres.

Spelemannen

Ola Strond lærde spel av mellom anna av Nils Svegji, Knut Nordland, Nils Hilme m.fl. Ola Strand var viktig læremeister for spelemenn både i Valdres og Sogn, og reiste ofte på spelferder i Sogn. Spelemannen Sjur Eldegard frå Årdal var ein av elevane hans.

Oppfinnar

Minste Søyneomnen

Han var særleg kjend som spelemann, men han konstruerte også etasjeomnar, treskeverk, smidde børser, laga seg lue av kopar som han brukte som kokekar i fjellet, konstruerte Bukkeklukka på Søyne - eit urverk der to bukkar kom ut og stanga kvar time, bygde veltepetter (velociped) og hus av leire, var den første som la skifertak i Vang, bygde børser og konstruerte sjølvskotmekanismar mot bjørn, starta fiskeutklekking midt på 1800-talet, og laga lurebriller av brisk.

Ikring 1850 og fram mot 1890 konstruerte Ola Strond noko som kan vera av dei første etasjeomnane i landet. Omnane vart støypt av Bærums bruk og MustadGjøvik. Det finst enno fleire Søyneomnar i Vang.

Kjeldeskrift