Johan Magnus Nerbøvik

Johan Magnus Nerbøvik (fødd 12. juli 1902 i Volda, død 1979) var fotograf på Volda frå 1924 til 1975.

Han var son av Johan Halvorsen Nerbøvik og Martha Vartdal. Gift i 1936 med Ingebjørg Ulla, datter av Severine og Karl Ulla. Dei fekk to søner og to døtrer. Utlært hos faren, overtok i 1924 den forretninga han hadde starta i 1898.

Sonen Jostein Nerbøvik (1938 - 2004) har teke vare på arkivet, ca. 30 000 negativ, og gav i 2001 ut boka Løyndom og røyndom. To fotografar i Volda 1898-1979, ei bok om sin far og farfar sin verksemd som bygdefotografar i Voldasamfunnet. Boka utgjer bind 3 i serien Volda-soga 1800-1945

Fotografen Nerbøvik

Nerbøvik tok over atelieret til faren midt i Volda sentrum. Arbeidet hans frå denne basen er bliitt ein viktig dokumentasjon på utviklinga i bygdebyen Volda og området rundt. Den største produksjonen er portrett. Portrett frå heile livsløpet til folk i området. Mykje av det er atelierproduksjon, men han farta også rundt i bygdene og oppsøkte folk i heimane. Nerbøvik hadde eit godt grep på denne genren, slik at han fekk fleire prisar på foto-utstillingar. Illustrasjonane til denne artikkelen er døme på det.

Men motiv-krinsen hans var mykje vidare. Produksjonen til Nerbøvik skildrar "alle" slags aktivitetar i det området han dekka: Utviklinga av næringslivet. Utviklinga av kulturlivet; som skular, kyrkjeliv, ifdrett, song og musikk osv. Biletarkivet etter Nerbøvik er såleis ei rik kjelde for den som vil sjå tilbake på den bære fortida.

Nerbøvik som borgar i lokalsamfunnet.

Ved sida av sitt viktige arbeid som fotograf, var Nerbøvik ein viktig aktør i sitt lokalsamfunn. Han hadde mange ulike evner og interesser,

Kjelder


  Johan Magnus Nerbøvik er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!