Åsane kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Åsane kommune i Hordaland vart i 1903 utskilt frå Hammer kommune. I 1914 vart eit mindre område overførd frå Hammer til Åsane. Fram til 1917 var skrivemåten Aasene.
I 1972 vart Åsane saman med kommunane Laksevåg, Arna og Fana innlemma i Bergen kommune. Åsane hadde då eit areal på 71 km², som vart til bydelen Åsane.
Den kommunale veksemda
I 1913 hadde heradet fire skulekrinsar med til saman 326 elevar. Desse vart underviste av fire lærarar og ei lærarinne.
Den samla lengden på dei kommunale vegane (bygdevegane) var i 1913 på 6,1 km.
Litteratur
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- «Åsane – tidligere kommune» i Store norske leksikon