Evanger
Hopp til navigering
Hopp til søk
Evanger er ein tidlegare kommune i Hordaland. Heradet vart oppretta i 1885, da det vart utskilt frå Voss. I 1964 fekk Voss attende dei sentrale delane av Evanger, medan Eksingedalen og Bergsdalen vart overførte til Vaksdal kommune. I 1964 budde det 1338 personar i Evanger, fordelte på 590 kvadratkilometer. Til liks med gardsnamnet Evang i Østre Toten tyder Evanger "beitekvil for hestar".
Kjelder og litteratur
- [snl.no]