Drevja
Drevjo (utt. /"dræv.jɷ./ Mal:NA; i Drevjen utt. /"dræv.jen/ (Mal:D)), ofte skrive som Drevja på normalnorsk, er ei elv og ein dal i Vefsn kommune på Helgeland. Dalen strekkjer seg frå Drevjaleira til Drevvatnet, mellom fjella Toven i vest og Hellfjellet og Blåfjellet i aust. Dalen har vegsamband til Mosjøen og Sandnessjøen via riksveg 78 og fylkesvegane fv. 241, fv. 241 , fv. 252 og Fylkesveg 254 i Nordland)fv. 254 til Elsfjord, Ømmervatnet og Fustvatnet. I tillegg er det planlagt å byggje Toventunnelen gjennom Tovenfjellet til Leirfjord som ein del av Veipakke Helgeland.
Namnet Drevjo kjem av drøv, som tyder ‘avleiring’.[1] Dativforma i Drevjen blir framleis noko bruka om bygda, men dativen er på veg ut i nyare dialekt.
Historie
Norges eldste ski er funnen i Drevjo. Karbondateringar har synt at skia er frå mellom år 3340 og 2940 fvt.
Drevja sokn
Drevja sokn er eit sokn i Vefsn prestegjeld. Drevja kirkje vart bygd i 1883.
Drevja kommune
I tida 1927–1962 var Drevjo ein eigen kommune under namnet Drevja kommune. Utanom denne tidbolken har Drevjo høyrt til Vefsn kommune.
Drevjamoen ekserserplass ligg i Øvre Drevjo. Lenger ned i Drevja ligg Granmoen med Granmoen boligfelt og barnehage og skule for 1. til 10. klassetrinn.
Elva Drevjo er verna i samla plan for vassdrag. Elva er infisert av lakseparasitten Gyrodactilus salaris og laksetrappa ved Forsmoen er stengt.
Musikk
Drevjo er kjent for den særprega folkemusikktradisjonen, inkludert den karakteristiske drevjapolsen.
Referansar
- ↑ Drevja,1948, av Gunnar Holand.
Litteratur
Vefsn bygdebok særbind VIIa 2006, Gardshistorie for Vefsn (red.:Espen Andresen)