Nord-Etnedal boksamling
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nord-Etnedal boksamling, Etnedal i Valdres, var eit soknebibliotek som vart etablert i 1896. Soknestyret hadde dette året samla inn 60 kroner til ei boksamling for Nord-Etnedal sokn, også kalla Ton (Thon) etter kyrkjestaden. Same året søkte dei staten om eit tilsvarande bidrag, og det vart vedteke lovar og vald eit styre, Thons Bogstyre.
Også i Bruflat, det andre soknet i Etnedal, vart det bygd opp ei boksamling på denne tida, og historikaren Harald Hvattum ser begge soknebiblioteka i samanheng med at Etnedal vart eigen kommune i 1894.
|