Sundsmoenvegen
Sundsmoenvegen på Nordagutu i Midt-Telemark kommune er ein ca. 320 meter lang blindveg som går austover frå Svevalivegen i Svevalia bustadområde. Han er tilkomstvegen til Nordagutu skole, barnehage og idrettsplassen og klubbhuset til Il Kjapp.
Vegen har namn etter området Sundsmoen og blei namnsett i 2009. To einebustader og tre tomannsbustader har adresse hit.
- Nr. 16: Læringsverkstedet Barnehage Sauarhagene Avd Nordagutu
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart