Nordagutu
Nordagutu er ein tettstad i Midt-Telemark kommune (før 1. januar 2020 i Sauherad). Det bur drygt 300 personar der (2016).
Nordagutu stasjon på Bratsbergbanen er eit knutepunkt mellom Vestfoldbanen og Sørlandsbanen.
Stasjonen ligg på garden Nordagutu sin grunn. Det gjer også dei fyrste bustadhusa som blei sett opp i samband med jernbanedrifta og som blei bygde i lia ovafor jernbanelina og nedafor lina litt sud for stasjonen. Etter krigen, særleg på 1970-talet, er fleire bustadfelt komne opp i den solvendte lia ved Nordagutu stasjon. Felta har namn som Svevalia, Bjørnlifeltet, Kåsinfeltet og Vidsjåfeltet.
Nordagutu postopneri blei etablert på jernbanestasjonen som «Noragutu» i 1918 og endra til Nordagutu i 1921. I 1997 blei postopneriet lagt ned.
Det opphavlege namnet på staden var «fyrir norðan gǫtu», seinare Nordangqtu og nå Nordagutu, og tyder 'nord for vegen'.
Litteratur og kjelder
- Nordagutu på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Statistisk sentralbyrå: Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2016..
- Kirkeby, Birger: Bygdebok for Sauherad, Band I, Gardsnr. 1–17, Sauherad kommune 1980, s. 588, 610.