Stord lærerskole
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Stord lærerskole vart etablert på Stord i 1839 under namnet Stord Seminarium. Skulen vart i 1994 ein del av Høgskolen Stord/Haugesund. Fram til 1866 heldt lærarskulen til på prestegarden på Stord, men flytta då til Rommetveit. Lærarskulen på Stord var eitt av stiftsseminara som starta opp etter at skuleloven av 1827 slo fast at det skulle opprettast skular for å gi opplæring til lærarar ved dei faste allmugeskulane.
Skulen gjekk på 1800-talet under namnet Stord seminar, men rundt 1900 vart han omdøypt til Stord offentlige lærerskole. Deretter heitte han Stord lærerskole mellom 1967 og 1981 og Stord lærarhøgskule frå 1981 til 1994.
Personar med eksamen frå lærarskulen
Navn | Eksamen | Yrkeskarriere | Samfunnsvirke |
---|---|---|---|
Halvor Fosmark (1860-1933) | 1883 | Lærar i Vardal ved Gjøvik. | Ordførar i Vardal (for Arbeiderdemokratene) 1902-10. |
Knut M. Frøyset (1857-1926) | 1880 | Lærar i Nes ved Flekkefjord, Eidsberg og på Sunnmøre, frå 1892 lærar og kyrkjesangar i Kolbu på Toten. | Aktiv lokalpolitikar i Kolbu. |
Anders Hjellum (1870-1950) | 1891 | Lærar i Vinje i Telemark, Kvinnherad, Gaular, Jostedalen og Kvinesdal. | Sentral i målsak og avholdsarbeid i Jostedalen. |
Ole Ingebrigtsen Strømme (1876-1936) | 1895 | Lærar i Bremanger 1895-97, Sykkylven 1897-1919. Lensmann i Sykkylven og Ørskog 1919-36? | Venstre-politikar. Ordførar i Sykkylven 1910-19, stortingsmann 1931-33, sosialminister 1933. |
Johannes Halvorson Vamberg (1816-57) | Ca. 1850 | Lærar i Hafslo (1840-åra), lærar og klokkar i Jostedalen 1850-57 (den fyrste seminaristen i bygda). | Ordførar i Jostedalen 1853-56. |
Kjelder og litteratur
- Lærarutdanning på Stord gjennom 150 år : jubileumsskrift : Storøens seminar 1839, Stord lærarhøgskule 1989.
- Wikipedia på bokmål: Stord lærarhøgskule (vitja 31/7 12)
|