Grusnes notlag
Grusnes eller Grasnes notlag var eit notlag i Austefjorden i Volda kommune.
Om dette notlaget er det diverse informasjon frå skriftlege kilder. Avskrift frå Statsarkivet i Trondheim datert 18. jan. 1883: Lars Botnen, Skinvikbotn, formann i Grusnes notlag skriv bygslekontrakt med I. Holsvik datert 14. juli 1880 om grunn i 30 år på Grasnes eller Grusnes til Grusnes notlag. Underskriven av Martinus Holsvik og Lars Botnen.
Notert er og desse eigarane: Sivert E. Løfoll, Hans O. Sundal, Mattias Fyrde, Knut Elias Hjellbakk, Ola E. Nes.
Då samhaldet rakna i det gamle Grasnes notlag som hadde eigarar heilt til Eide, var det Didrik Maaen som overtok eignalutane på Grasneset. Ein hauststorm velta huset ein dag og slo sund båten. Mån berga nøtene og kjøpte fleire til. Han bygde nytt naust i trongestøda på Årset. Botna-Lars, som var medeigar i Grasnesnota, vart med som bas for Maaen ei tid. Sjå Maaen notlag.
Anna notat fortel at det gjekk på sarv med Grasnesnota og den vart seld til Maaen mellom 1900 og 1910. Etter dette vart notnaustet brukt til båtnaust for folk som hadde båtar men ikkje påviseleg naustrett.
Om ein skal kalle nota Grasnesnota med same namn etter Maaen flytta den til Trongestøda eller om det no skal heite Maaen-nota er eit godt spørsmål.
Grasneset/Grusneset, med sitt gode tilflot i vika vest om Granden, må ha vore ein ettertrakta plass. Før 1900 og bakover i tid skal her ha vore bygd åttringar, førslejakter og dekka båtar som frakta varer på Bergen og Trondheim.
Kjelder:
- AMU-Lydopptak Lars Holsvik f. 1915 har gjort med Martines Holsvik f. 1887
- Utskrift frå Statsarkivet i Trondheim 18. jan. 1983, bygslekontrakt datert 14.juli 1880.
- Gjersdal, Kåre
- Høydalsvik, Ragnar E
- Myklebust, Olav
- Områdeinformasjon:
- Busetnadssoga for Volda band 3 (Austefjordområdet)
- Voldasoga band 2 og 3, Per Årviknes