Eidsborg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. mar. 2018 kl. 11:01 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Eidsborg stavkyrkje.
Foto: Axel Lindahl (1880-1890) / nb.no
Nasjonalbiblioteket

Eidsborg er ei grend i Tokke kommune i Telemark. Grenda ligg ved Riksveg 45 mellom Høydalsmo og Dalen.

Eidsborg er særleg kjend for Eidsborg stavkyrkje som ligg fint til midt i bygda. Frå Eidsborg dreiv ein også med utvinning av brynestein. Heilt sidan 700-talet var brynesteinsbrotet i Eidsborg ei viktig inntektskjelde for bøndene i bygda, og brynesteinen reknast ofte som den eldste eksportartikkelen i norsk historie.

Vest-Telemark Museum sitt hovudkontor ligg i Eidsborg.

Personar frå Eidsborg