Hans Johnsen (1800–1872)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Johnsen (fødd i Nykøbing Mors i Danmark 2. august 1800, død i Kristiansand 5. april 1872) var forretningsmann, lokalpolitikar og stortingsrepresentant.

Foreldra var «gaardeier» Johan Johnsen og hustru Inger Marie Pedersdatter i Nykøbing. Hans Johnsen var gift med Charlotte Amalie Loss (fødd 28, januar 1806, død 13. januar 1879.) Ho var dotter til undertollbetjent Peter Christian Loss og Charlotte Eleonore Zernichow.

Hans Johnsen slo seg ned i Kristiansand i 1820. Han hadde ein eldre bror, John Peter Johnsen, som også hadde emigrert frå Danmark til Kristiansand, og som mellom anna vart inspektør for fattigvesenet der. Hans Johnsen fekk kjøpmannsborgarskap i Kristiansand i 1825. I 1857 vart han direktør for gassverket i byen. Han engasjerte seg sterkt i det offentlege livet i byen, i borgarvæpninga, i lokalpolitikken og med ymse tillitsvarv. Han vart kaptein i borgarvæpninga i 1840 og stadshauptmann i 1852. Han var i mange år medlem av bystyret. Frå 1845 var han medlem av styret for Norges banks avdeling i Kristiansand. Han hadde da sidan 1839 vore vararepresentant der.

I 1845 vart Hans Johnsen vald til stortingsrepresentant for Kristiansand. På Stortinget var han medlem av protokollkomiteen. Han var varamann til Stortinget i 1854 og 1859-1860. To av sønene til Hans og Charlotte var også stortingsmenn, Jørgen (fødd 1833) og Joseph (fødd 1838). Det same gjeld brorsonen Johan Christian Johnsen.

Kjelder og litteratur

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914, bd. 1. Kristiania 1914.