Joseph Frantz Oscar Johnsen
Joseph Frantz Oscar Johnsen (fødd i Kristiansand 4. juli 1838, død i Sarpsborg 10. september 1905) var lege og politikar. Han var representant og vararepresentant for Sarpsborg på Stortinget, ordførar i same byen og bedriftslege for fleire store verksemder i området.
Bakgrunn og familie
Foreldra var kjøpmann, stadshauptmann og stortingsmann Hans Johnsen (1800-1872) og hustru Charlotte Amalie Loss (1806-1879). I likskap med faren var også broren Jørgen og dessutan fetteren Johan Christian Johnsen stortingsmenn.
Joseph Johnsen var gift to gonger. Første ekteskapet, inngått 30. juli 1868 var med Elisabeth Methea Kirstina Høy (1843-1870), som var dotter til banksjef i Stavanger Andreas Høy og hustru Kirstine Elisabeth Kirsebom. Som enkjemann gifta Johnsen seg på nytt i Kristiania 15. oktober 1874 med Karoline Mathilde Mohr (f. 1854), som var dotter til sanitetsintendant Nils Georg Mohr og Kristine Hjersing.
Joseph Johnsen hadde to døtrer.
Utdanning og yrkeskarriere
Joseph Johnsen vart student i 1858, som privatist undervist av ein cand.mag. Schnitler. Johnsen tok examen philosophicum 1866 og vart same år uteksaminert som cand. med. Han var tilsett som «kandidat» ved Rikshospitalets hovudavdeling. Deretter, frå 1869, kom han til Sarpsborg som «brukslege» for dei store bedriftene Hafslund, Borregaard og Solli bruk (i Tune). Frå 1870 var han i tillegg «jernbanelege». Han var ei kortare periode konstituert som distriktslege. Han var på studiereiser i Berlin og Wien 1870-1871, og på nytt i Wien i 1883.
Politikar
Johnsen og familien vart buande fast i Sarpsborg, og han engasjerte seg i byens offentlege liv. Han var medlem i bystyret frå 1880, og ordførar i byen 1889-1892. Han vart vararepresentant til Stortinget 1889-1891, representant 1892-1894 og igjen vara 1895-1897 og 1898-1900. I tida på Stortinget 1892-1894 sat han i konstitusjonskomiteen. Da han møtte som vara i 1895, kom han i gasje- og pensjonskomiteen.
Kjelder og litteratur
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914, bd. 1. Kristiania 1914.
- Studenterne fra 1858. Biografiske meddelelser samlede ved Joh. K. Bergwitz. Kristiania 1908.
- Oscar Johnsen i Historisk befolkningsregister