Tyssedal krins
Tyssedal krins er ein skulekrins i Fjaler kommune. Tyssedalen i Dalsfjorden går sørover frå gardane Leitet og Tysse til Tyssedalsvatnet.
Skulehus
Skulehuset i Tyssedal stod kring 2 km sør i dalen. I 1907 bygde dei nytt skulehus. Læraren i bygda kjøpte det gamle huset, flytte det og sette det oppatt som bedehus. Det tidlegare skulehuset er eit lite kvitmåla hus på låg grunnmur, om lag 10 m langt og i underkant av 6 m breitt. Taket er tekt med skifer. Huset har eit lite vindauga på nordveggen, eit mykje større med 36 småruter i sør og takvindauga (ljore) på austsida. Døropninga er låg, - vaksne folk må bøya seg når dei går inn. Huset har tre rom og er ei typisk sperrestove. I norde enden er det gang og kjøken med halvloft over kjøkenet. Det går tropp frå gangen opp til loftet over kjøkenet. I den søre delen, stova eller salen, er det open himling med bete (bjelke) tvers over.
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|