Carl Tandstad's Storband

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. apr. 2019 kl. 07:23 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Carl Tandstad's Storband var eit storband i Sykkylven. Bandet vart etablert i 1969 etter eit initiativ frå dei unge korpsmusikarane Kjartan Vik og Oddbjørn Bonesmo. Storbandet var ein avleggar av Musikklaget Lurlåt der Carl Tandstad var dirigent. Impulsen til å starte bandet fekk Vik og Bonsesmo då dei var på ein konsert på Stranda med storbandet som Knut Andreas Foldal hadde starta i nabokommunen Ørsta året før.

Carl Tandstad´s Storband var eit velkome tilskot til musikklivet i Møre og Romsdal og fekk mykje merksemd. Koplinga til Lurlåt førte til at alle musikarane måtte vere medlemar der, og det vart etter kvart vanskeleg med øvingstid til begge deler. Dette førte til at Sykkylven storband vart starta i 1976, og då opphøyrde Carl Tandstad´s Storband.

Kjelde

  • Storbandmedlem Jan Lade.
  • Sunnmørsposten 15.4.2019.