Sykkylven storband

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sykkylven storband i 2010, med Frode Alnes, Margrethe Velle Ødegård og Christina Kurseth. Foto utlånt av Åge Frøystad.

Sykkylven storband vart stifta 20. februar 1976 med Jostein Bonesmo som dirigent. Bandet var eit framhald av Sykkylven sitt første storband, Carl Tandstad's Storband stifta i 1969, som ein del av Musikklaget Lurlåt. Dette vart lagt ned den dagen Sykkylven storband starta opp som eige lag.

Sykkylven storband var eit aktivt og populært storband i Møre og Romsdal. Bandet hadde mange spelejobbar og vart ei drivkraft for jazzmiljøet i Sykkylven fram mot 1990. Jazzmusikarar vart hyra inn som instruktørar, slik som Bernt Steen, Sture Jansson og Harald Bergersen. I ein kommune med 7000 innbyggarar vart det etter kvart vanskeleg å fylle rekkene, noko som førte til at bandet delvis fekk folk utanfrå og delvis vart drifta som prosjektband i periodar. Storbandmusikken levde i sykkylvsmiljøet på tross av begrensa musikartilgang. Musisering i mindre grupper vart også eit tilbod til unge som seinare satsa på musikk, som Kenneth Ekornes og Frank Willy Utgård. 2001 var det igjen fullt band, og frå 2003 kom Sykkylven storband i full drift igjen.

Med i festivalar

Repertoaret til storbandet har vore allsidig, frå tradisjonelle og svingande storbandlåtar, til latin, jazzrock og funk.

Etter 2003 har Sykkylven storband delteke på Storbandfestivalen i Ålesund fleire år på rad, og bandet deltok på storbandfestival i Tønsberg saman med Hilde Louise Asbjørnsen i 2009.

Storbandet har sidan starten halde eigne konsertar, og spelar i både bryllup og under konferansar. Eit av storbandets stilarrangement var lenge det årlege Romjulsballet som vart arrangert saman med Blue Horn Jazzband i Sykkylven kulturhus.

Rekruttering

Sykkylven storband under jubileumskonserten i 2019. Foto utlånt av Åge Frøystad.

Storbandet har også hatt samarbeidsprosjekt med andre band som t.d. bluesbandet Woodleg Odd`s og Blue Horn Jazzband, og med artistar som Fredrik Steen, Maria Holand Tøsse, Margrethe Velle Ødegård, Leif Atle Strand, Knut Eilefsen, Hilde Louise Asbjørnsen, Adam Douglas, Frank Bjørdal, Frode Alnes og Elisabeth Andreassen.

Sykkylven storband søkjer stadig etter nye utfordringar og spanande samarbeidspartnarar slik at bandet kan fornyast og bidra til auka interesse for storbandmusikken, dette også for å sikre framtidig rekruttering og drift av Sykkylven storband. Mange unge musikktalent har fått sine første erfaringar med jazzmusikken i Sykkylven storband og har seinare satsa på både utdanning og ein musikarkarriere innan jazzen.

Dei første åra var det berre menn med i bandet, men kvinnene var heilt frå starten viktige støttespelarar. Gjennom ulike dugnader var dei med å skaffe pengar til instrument. Seinare har kvinnene kome med for fullt også som musikarar, og i 2019 utgjorde dei halve besetninga i Sykkylven storband.

I april 2019 vart 50 år med lokal storbandhistorie feira med verbale og musikalske tilbakeblikk under ein jubileumskonsert i Sykkylven kulturhus. Dirigent i bandet dei siste åra har vore Åge Frøystad.

Kjelder

  • Åge Brigt Frøystad: Kort bandhistorie. Upublisert 2012.
  • Omtale av jubileumskonsert i Sunnmørsposten 15.4.2019.