Sauost

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sauost (Mal:Nn./Mal:Bokm. saueost) er ein rund, tynn og tørka ost av saumjølk som tradisjonelt blir bruka som kaffiost blant ein del sjøsamar. I Tana i Aust-Finnmark vart saumjølka oppvarma og tilsett løype frå sau.[1] Ostmassen vart pressa til ein asjettstor og nokre få cm tjukk ost, som så vart opphengt til tørking. Når osten er ferdigtørka, er han ganske haldbar. Osten blir tradisjonelt skava i tynne fliser og hatt oppi kaffien.

Fotnotar

Sjå òg