Paddesafari

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. mai 2010 kl. 19:30 av Siri J (samtale | bidrag) (layoutsmåtteri)
Hopp til navigering Hopp til søk
Padda tek seg fram sjølv
Foto: Magnar Høydal

30. april 2010 var det paddesafari ved Lissjevatnet, Fyrde i Volda kommune. På 1990-talet har det vore 3 liknande naturvandringar, men dette var fyrste vandring av denne art etter at Kvivsveganlegget var oppstarta. Sørenden av Fyrdsbergtunnelen kjem ut her ved Lissjevatnet, og nettopp her er ein av dei største paddebestandane på våre kantar. Når paddene skal flytte frå skogsområdet og til vatnet for yngling må dei krysse vegen. Denne ferda er farefull, og det har tidlegare vore gjort prøve med små paddetunnelar gjennom vegen. Fem av dei vert fortsatt i drift.

Erfaringa frå desse har Statens vegvesen saman med Naturvernforbundet bygt vidare på. Dagens løysing er sju nye paddetunnelar med ledeveggar på begge sider av vegen. Eit fint anlegg, som når det vert ferdig vert ein turistattraksjon. No når det er anleggsdrift er paddevandringa hindra. Paddene har vorte plukka i bøtter og fått transport ned til vatnet på den måten, om lag som gruppereiser. Andre har nok funne vegen sjølve. Pr 30. april hadde 9100 stk fått hjelp på ferda, og det er rekna med at ca 20% i tillegg har vandra sjølv.

Bilder frå paddeområdet