Fyrdsbergtunnelen
Fyrdsbergtunnelen er ein av tunnelane på Kvivsvegen i Volda kommune. Gjennomslaget i Fyrdsbergtunnelen var måndag 10 mai 2010. Då er det drive 1125 m tunnel, der alt har gått etter planen. Fyrste salva på denne tunnelen var 12. november 2009 og vart avfyrt av tidlegare ordførar i Volda, Rasmus R. Aarflot. Siste salva var det dottera, noverande ordførar Ragnhild Aarflot Kalland, som fyrte av den 10. mai 2010. Salva fjerna dei siste 4,5 m med fast fjell og markerte gjennomslag på den fyrste av tunnelane i Kvivsvegsambandet. Mesta hadde ledig folk til å drive to tunnelar samtidig, difor vart framdrifta litt raskare enn framdriftsplanen.
Denne tunnelen munnar ut ved Lisjevatnet, midt i ”paddeland”. Statens vegvesen har difor teke med i planane eit system med leideveggar og sju tunnelar,”paddetunnelar”, under vegbana. Når dette vert ferdig, er der eit ferdselssystem for paddene der vegvesenet har gjort mykje for å berge paddene frå biltrafikken. Prosjektet er så vidt ein veit det einaste i sitt slag.
Spesifikasjonar:
| Lengd | |
| Profil | |
| Tverrsnitt | |
| Fast volum fjell | |
| Laus masse på bil | |
| Plassert masse på veg | |
| Lengd borhol på salve | |
| Lengd (brytning) salve | |
| Ca tal borhol pr salve | |
| Bormeter pr salve | |
| Ca tal salver | |
| Bormeter totalt | |
| Ca sprengstoff pr salve | |
| Ca sprengstoff totalt | |
| Start tunneldriving |
Bilde frå Fyrdsbergtunnelen
Kjelder
- Statens vegvesens prosjektkontor på Fyrde