Vatnarvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vatnarvegen (Fv 3330) går nordover som framhald av Folkestadvegen i krysset med Lifjellvegen ved Tjønntveit, til kommunegrensa mot Notodden ved Reskjemvatnet på Reshjemheia.

Vegen er 12600 m lang og fekk namn etter Vatnargardane i 2019. Ved Breiva kryssar vegen Åseåa på Høgkåsfossbrua, og ved Vatnar skule kryssar han Lonåa på Lonabrua.

Tidlegare het vegen Reshjemvegen, og han blei offisielt namnsett i 1991. Årsakå til namneendringa var at i Bø og Notodden starta eigedomsnummereringa i kvar sin ende og møtter på midten. Dette gav fleire like adresser i dei to kommunane, så for å hindre mistydingar, endra Bø vegnamnet på si side.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Bø formannskaps møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.
  • Bø kommune, Teknisk eining: Notat om: Referat frå møtet med vegnamnnemnda 20.03.18.


Koordinater: 59.44515° N 9.07171° Ø