Tokke historielag
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Tokke historielag er eit historielag i Tokke kommune i Telemark. Eit interimstyre byrja arbeidet i september 1978, men det fyrste ordinære styre vart valt 31. mai 1979. Laget har gjeve ut årsskrift sidan 1980.
I 2019 hadde historielaget 151 medlemer. Medlemstalet har vore nokolunde stabilt, men ein strevar litt med å få med yngre personar.
Lovar
I lovane for historielaget heiter det i § 2: «Føremålet til laget er: a) Å arbeide for at alt av historisk interesse innan kommunen vert teke vare på og verna om. b) Å vekkje, auke og spreide interesse for og kunnskap om Tokke kommune».
Leiarar
- Olav Grimdalen 1979-1992, tok også initiativet til å skipe historielaget, sat som leiar til han var 90 år gammal.
- Arne O. Lie 1993-1996
- Bjørn Andersson 1997-1998
- Laget fekk ikkje valt leiar, men desse fungerte: Sigrun Lie Brattekås 1999 og 2001 og 2002. Tarjei Førstøyl 2000
- Bjørn Andersson 2003-2006
- Dagfinn Midtbø 2007-2013
- Einar Heggtveit 2014-2015
- Gunnar Grøstad Johnsson 2016-
Hovudaktivitetar
Hovudaktiviteten har vore å oppfylle målsettinga om å gjeva ut eit årleg årsskrift. Dette har kome ut kvart år frå 1980. Elles har Tokke historielag gjeve ut desse bøkene:
- "Me ville vere med" (Om den lokale mostandsrørsla under krigen 1940/45)
- Eige bok om Botnedalen. Støylsdal med mykje historiel.'
- Eige bok om Dalsmarken. (Årleg tradisjon om lokal marknad, med myrkje foto m.a. av Harald Kihle.
- Eige bok om Dalen og Dalen Hotel.
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).
Eksterne lenker
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Tokke kommune, Tokke historielag på Digitalt museum.
- Tokke kommune, Tokke historielag på KulturNav