Tokke kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tokke
0833 Tokke komm.png
Basisdata
Kommunenummer 3824
Fylke Vestfold og Telemark
Kommunesenter Dalen
Areal 984.48  km²
Areal land 906.91  km²
Areal vatn 77.57  km²
Folketal 2 236 (2018)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Tokke kommune er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke (før 1. januar 2020 i Telemark). Tokke ligg i enden av Telemarkskanalen, vest i fylket, og grensar til kommunane Vinje, Kviteseid kommune, Seljord, Fyresdal, Valle og Bykle. Høgaste punkt er Urdenosi, 1 520 moh.

Eidsborg stavkyrkje
Foto: Siri Johannessen

Tokke har lange tradisjonar med eksport av brynestein heilt tilbake til vikingtida. Bygda er frå gammalt av eit bjørneområde, og derfor har kommunevåpenet bilete av ein bjørn.

Gruvedrift vart drive på Åmdals Verk fram til 1945. Gruvedrift i området starta allereie i 1540, og gjekk føre seg i over 400 år. Koppermalmleia på Åmdals Verk vart funne i 1689.

Tokke er ein kommune med store vasskraftressursar. Aust for Dalen, ved Bandak, ligg Tokke kraftverk som er eigd av Statkraft.

Tokke kraftverk.
Foto: Siri Johannessen (2016).

I Eidsborg ligg ein av Vest-Telemark museum sine avdelingar der ein mellom anna finn den vakre Eidsborg stavkyrkje.

Kjende personar frå Tokke kommune

Sjå òg

Lenkjer ut


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Tokke kommune» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.