Anne Vindegg (1884–1980)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. mai 2023 kl. 19:00 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (just)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bilete 1: Anne i stakk med "rosut" skjorte og plagg (skaut) utanfor stølen Prestholt oppunder Hallingskarvet. Biletet vart brukt i ei lærebok for ungdomsskulen på 1970-talet.
Foto: Paul Andreas Røstad, Norsk teknisk museum/DEXTRA, 1969.

Anne Tolleivsdotter Vindegg (fødd Tufto 14. juni 1884, død 25. oktober 1980) var gardkone på Vindegg i Kvisla, Hol. På Ustaoset støla ho og hadde også arbeid med hyttefolk og andre turistar. Ho var truleg ein av dei siste i Hol som brukte folkedrakt til dagleg.

Frå Tufto

Anne vart fødd på Tufto, grannegard til Vindegg. Dette var farsgarden til mora, Mari Ellingsdotter (1847-1937). Ho gifte seg i 1871 med Tolleiv Knutson (1846-1931) frå Verpe i Ustedalen (ved Geilo). Gjennom mellom anna skreppehandel hadde han tent gode pengar. I 1871 kjøpte han Tufto og i 1896 også grannegarden Søre Juvsjordet.

Mari og Tolleiv fekk ni ungar, og Anne var nummer sju i flokken. Av syskena vart alle utanom Birgit (1879-1959) buande i heimbygda. Tre av dei vart gardeigarar: Elling (1873-1963) på Tufto, Knut (1875-1963) på Øvre Sand og Olav (1882-1956) i Søre Juvsjordet. Pål (1877-1893) døydde som 16-åring. Asbjørn (1887-1973) var heradskasserar med meir. Ragnhild (1871-1918) og Ambjørg (1889-1967) budde og arbeidde på garden til Olav i Søre Juvsjordet. Dei var alle tre ugifte. I folketellinga 1910 driv Ragnhild som budeie og Ambjørg med husgjerning. Birgit utvandra til Nord-Dakota i 1904. Ho hadde i 1899 gifta seg med Asbjørn Eirikson Tufte, som kom frå myljo Tufto på Geilo og hadde utvandra to år tidlegare, men som var heime att nokre år.

Til Vindegg

I 1911 gifte Anne seg med Ole Olson Vindegg (1880-1955), som i 1907 hadde kjøpt Vindegg. 13. januar dette året skreiv han til broren Peder i Canada at "I vinter skal jeg have Anne Tufte til tjænestepige". Også i 1909 og 1910 hadde han henne som tjenestejente. Men i 1911 skreiv han: "Jeg skal nu gifte mig med Anne Tufte i vaar ved Santhanstider saa hvis de har lyst til at ture gjestebud saa er de meget velkommen."[1]  

Åtte av dei ni syskena til Anne vart altså buande i Kvisla. Ole hadde ti sysken, fødd mellom 1877 og 1896, og fire halvsysken, fødd mellom 1903 og 1915. Det fyrste kullet var, liksom Anne sine sysken, i konfirmasjonsalder under dei to siste utvandringsbølgjene til Amerika. I 1880-åra var det tronge tider på Vindegg, og i 1887 gjekk garden på tvangsauksjon. Kan hende verka utsiktene meir lovande i Amerika enn i heimbygda. Iallfall utvandra fem av brørne hans dit.

Anne og Ole fekk sju born: Olav (1911-1994), Torleiv (1913-1986), Mikkel (1915-1988), Ingebjørg (1917-2004), Maria (1919-2003), Erling (1922-2006) og Sissel (1925-1988).

Til Vindegg høyrde mellom anna langstølen OsestølenUstaoset, der Anne støla. Som liten hadde ho vore med på stølen i Uri, lenger vest, der budde dei i steinbu.

Bergensbanen kom, sette Ole opp ei rekkje hytter på eigedomsremmen til kring Osestølen. Både støls- og hyttedrifta vart viktige inntektskjelder for garden og kravde innsats av heile familien.

Dei siste stakkekjeringane

Hol og Ål var blant dei siste kommunane i landet som heldt på den regionale draktskikken. Då Aagot Noss gjorde feltarbeid her mellom 1956 og 1959, var det vanleg at gardkoner fødd før 1900 brukte "dåsakleu", som den tradisjonelle folkedrakta kallast. Nokre få ugifte kvinner brukte også dås (døs på holingsdialekt) på denne tida. Systrene til Anne, Ambjørg og Ragnhild, ser ikkje ut til å ha vore blant dei.

Anne var truleg blant dei siste i Hol som brukte stakk eller bunad kvar dag og aldri andre slags klede, fram til ho døydde i 1980. Til kvardags brukte ho oftast rutastakk med ruta eller rosete skjorter. Til sundags var det grøne, blå eller svarte stakkar med jutl (belte), og til fest hettebunad. For å få plagg og hette til å sitje på hovudet, fletta ho håret i ein ring, slik Oliva Dalen viser det i Noss si bok Nærbilete av ein draktskikk.[2]

Festbunaden endra seg i løpet av levetida til Anne, mellom anna etter påverknad av Hulda Garborg, som ivra for forenkling. Det synte seg til dømes i hovudplagga. På eldrefesten i 1961 (bilete 8) har kring tjue bunad. Av kvinnene har fire hette, fire lue og to plagg på hovudet. Berre gifte kvinner kunne bære hette. Ulike variantar av hetter ser me elles på bileta 2, 4, 5 og 14. Ugifte brukte tradisjonelt pannelin til festbunaden, men utpå 1900-talet vart det vanleg med lue. Ein variant av denne lua, ser me på bilete 14.

Som utanpåklede har Mari og Anne på bilete 2 og 4 korte opentrøyer. Slike hadde høgare status enn kneppetrøyene. Sylvspennene er festa til trøya, medan dei på bilete 14 er festa på stakken. På bilete 4 har Mari brodert (truleg med korilstein) brystklut, medan Anne har sylvlekkje mellom spennene i trøya. Dei har elles silkeslør i halsen (sjå mellom anna bilete 14) og kvitsauma skjorte.

Fotnotar

  1. Brev frå Ole O. Vindegg til Peder Vindegg 13. januar 1907, 4. april 1909, 20. mars 1910 og 27. mai 1911. Fra Norgesbrevsamlingen til Norsk lokalhistorisk institutt ved Nasjonalbiblioteket.
  2. Noss: 53-56

Kjelder og litteratur