Giovanno (Johan) Basso

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. des. 2012 kl. 07:14 av Cnyborg (samtale | bidrag) (kat)
Hopp til navigering Hopp til søk
Giovanno (Johan) Basso
Foto: Mathias P. Lien

Giovanno (Johan) Basso var fødd kring 1838 i Italia og døydde 30. januar 1913 i Lesja. Giovanno Basso kom til Lesja som «ein framand fugl» ein gong før 1890 og tok inn hos ei ugift plassjente, Guri Bjertesd. på Plassbakken eller Røst i ålmennningsområdet Åsen mellom Avdem og Lyftingmo. I bygda vart fornamnet hans fornorska til Johan. Hans og Guri budde saman utan å vere gift, noko som skal ha vore til ein viss irritasjon i bygda.

Etter bygdetradisjonen hadde Giovanno vore soldat i den italienske hæren. Han skal ha kjempa i det verdskjente, blodige slaget ved Solferino i 1859. Da han kom heim, fann han kvinna si saman med ein annan mann. Dermed reiste han heimanfrå og flakka rundt i Europa. Han var mellom anna i Russland, og livberga seg med å spele på lirekasse, til han kom til Lesja og slo seg ned her. Bildet av han syner òg lirekassa.

Første gong vi finn Basso knytt til Lesja er i folketeljinga 1891. Basso var katolikk i følgje folketeljinga 1900. Som vi ser varierer fødselsåret han frå 1838 i 1891 til 1865 i 1900 . Det siste må vere heilt feil. I kyrkjeboka ved dødsfallet i 1913 står det 1829, men vanleg kjeldekritikk tilseier at 1838 nok er det mest sannsynlege.

Litteratur