Forside:Lesja kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Lesja»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Innlandet • Oslo • Vestfold og Telemark • Viken
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: Jevnaker • Lunner

Om Lesja kommune
0512 Lesja komm.png
Lesja kommune er ei fjellbygd i Innlandet fylke, tidlegare Oppland, på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.Noverande Lesja kommune er ein del av det gamle Lesja prestegjeld, og vart etablert som Lesja herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1861 vart annekssokna Dovre og Øvre Folldal fråskilt Lesja herad og prestegjeld. Dombåsgrenda vart da overført frå Lesja til Dovre kommune.

Bygda kan inndelast i desse grendene rekna nordfrå: Bjorlie, Rånå, Einbu, Kyrkjekretsen, Nørdre Verket, Søre Verket, Nordmo, Lyftingmo, Kyrkjebygde, Bø og Kjøremsgrende. Dei samsvarar med skulekretsane inn til 1960-åra.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Avdemsbue på Lesja, som far til Engebret Hole bygde i 1878.
(2011)

Engebret Hole (fødd 27. august 1885 på Søre Avdemshaugen i Lesja, død 27. november 1942 på Aukra) var lensmann i Sund lensmannsdistrikt.

Ein onkel til Engebret, Hans J. Hole (1850-1910) var i 1900 amtskasserar i Bergen. Han og kona Marie var barnlause, og dei inviterte Engebret til byen og kosta på han utdanning: middelskule, handelsskule, landsgymnas og befalsskule. Hans arbeidde som assistent hos onkelen.   Les mer …

Helga Doseth med elevane ved Verket skule ca. 1943

Helga Doseth (fødd Kolstad 30. november 1898 på Systugu Belle i Lesja død 15. august 1985) var ein markert lærar og kulturpersonlegdom i Lesja og Gudbrandsdalen. Ho tok høgare lærarprøve på Elverum lærarskule og vart i 1920 tilsett som lærar ved Verket skule. Ho gifta seg i 1929 med Mikal Doseth (1898-1993) og dei dreiv Vesl-Doset til sonen tok over garden i 1961. I åra 1925-29 var ho òg kasserar ved Lesja og Dovre Branntrygdelag.

I 1931 fekk Helga òg ansvaret for Sletten skule, som var udelt. Ho underviste så ved desse skulane til dei vart samanslegne med Kyrkjekretsen skule, der ho vart til pensjonsalderen.   Les mer …

Ragnar Standal, 2008
Foto: Knut Hustad

Ragnar Standal (fødd 24. september 1928 på Ytre Bakkane på Ytre-Standal, død 14. august 2013 på Hjørundfjordheimen på Sæbø i Ørsta kommune) var ein framståande fagmann og lokalhistorikar med store kunnskapar om Sunnmøre og framifrå formidlingsevne.

Standal fullførte 4-årig lærarutdanning ved Volda lærarskule i 1951, tok så historie grunnfag ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim i 1963 og fullførte hovudfag same stad i 1977. Han var først lærar i Fausadalen, Stranda kommune frå 1951–56, deretter lærar i Lyftingmo krins på Lesja frå 1956–62, så adjunkt ved Stryn ungdomsskule frå 1963–75, styrar på Ørsta bygdetun, Brudevollsamlinga (deltid) frå 1978–84 kombinert med lektorstilling ved Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda 1978–70 og 1981, konservator på Nordfjord folkemuseum, Sandane frå 1984–86 og til slutt bygdebokforfattar og -redaktør i Ørsta frå 1986–1992.   Les mer …

Møte i Lesja Fjellstyre kring 1956, Olaf Heitkøtter i midten bak.
Foto: Ukjent
Olaf Heitkøtter (fødd 26. mars 1928 i Sel, død 11. oktober 2013 i Lesja) vart i 1950 tilsett som den første fjelloppsynsmann på heiltid i Noreg, og var aktiv i naturforvalting og naturvern heile livet. I 1989 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for denne innsatsen.Olaf vart tidleg natur- og friluftsinteressert og meldte seg inn i Sel Fiskeforening alt i konfirmasjonsalderen. Denne foreininga dreiv med utsetting av yngel i elver og vatn, og dette var noko som interesserte Olaf i særleg grad. Han dreiv sjølvstudium i fiskeoppdrett og hadde planlagt å søkje seg inn på ein svensk fiskeriskule, men vart avbrote av militærteneste i Tysklandsbrigaden. Dette vart likevel ei viktig erfaring, for han var forlagt like sør for grensa til Danmark og fekk høve til å besøke fiskeoppdrettsanlegg der. Mange danske bønder hadde enkle anlegg og produserte fisk for sal, og nokre hadde òg små klekkeri der dei skaffa seg yngel til eige bruk eller sal.   Les mer …

Minnestein over Hans Enstad på Vågå kyrkjegard
(2012)

Hans Enstad (fødd 23. september 1903 på Nistugu Enstad på Lesjaskogen var byggmeister og sjef for Vågå område i Milorg D23 avsnitt 233 fram til han fall i kamp med tyskarar og medlemer av Rinnanbanden 14. mars 1945 på Preststulen i Vågå.

Han var son av Ole Hansson Endstad (f. 1875) og Marit Jakobsdotter Enstad (f. 1872). Hans Enstad var gift med Sigrid Øvstedal frå Vågå (1897-1985). Dreiv Brustugu og Enstad snekkerverkstad på Vågåmo.   Les mer …

Minnesteinen
Foto: Arnfinn Kjelland
Gravsteinen over Georg Sinclair
Foto: Arnfinn Kjelland
Skottetoget er den tradisjonelle nemninga på ein innmarsj av skotske leigesoldatar som kulminerte ved Kringen, eit lite område litt sør for tettstaden Otta i Sel kommune onsdagen 26. august 1612. Dette var under det som er kalla Kalmarkrigen mellom Danmark-Noreg og Sverige. Lokalt er stadnamnet ved Otta uttala i fleirtal, Kringane, dativ Kringom eller Høg-Kringom. Historia starta nokre månader før sjølve toget. På denne tida var krigane altså dominert av leigetroppar. Svenskekongen, Gustav 2 Adolf, hadde sendt ein høgare offiser, Johann von Mönnichhofen til Nederland for å verve soldatar. Han samla om lag 1200 mann som han segla ut frå Amsterdam med 14. juli 1612. Parallelt gav Gustav Adolf ein skotsk adelsmann, Sir James Spens, i oppdrag å skaffe soldatar også i Skottland. Det var ikkje kongen av Skottland, Jakob 1, interessert i, for han var gift med søster til kongen av Danmark-Noreg, Kristian 4. Det lyktest likevel Spens ved hjelp av en skotsk oberst, Andrew Ramsay, å verve ein styrke. Skotske myndigheiter prøvde å stanse dei, men 2. august 1612 rakk to små skip å stikke ut frå landet med om lag 300-350 mann.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Lesja kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar