Henrik Anderson Kreken

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. apr. 2013 kl. 09:18 av Cnyborg (samtale | bidrag) (kategorisplitting)
Hopp til navigering Hopp til søk

Henrik Anderson Kreken (fødd kring 1710, død 7. oktober 1782) var frå garden Åsen i Jostedalen. Han var son av gardbrukar og lensmann Anders Olson Åsen. Kring 1730 vart Henrik gardbrukar på Kreken.

Henrik Kreken er nemnd som klokkar i Jostedalen i 1760, truleg mellombels.[1] Det er ikkje kjent kor lenge eller når han var klokkar. Henrik var storebror til Ole Anderson Åsen som var klokkar før Henrik og truleg òg etter han.

I 1751 kjøpte han Jostedal kyrkje saman broren, klokkar Ole Anderson Åsen, og John Erikson Nedrelid. Dei selde kyrkja vidare i 1762.[2]

Etter å ha vorte kårmann, gifte han seg att i 1779 med Martha, enkjar etter John Erikson Nedrelid, og han flytte då til Nedrelid.

Notar

  1. Laberg 1944, s. 15
  2. Øvregard m.fl. 2010, s. 69

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 520. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Ole Anderson Åsen 
Klokkarar i Jostedalen
(Ca 1760–Ca 1760)
Etterfølgjar:
 Ole Anderson Åsen