Klokkarar i Jostedalen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Klokkarar i Jostedalen er ei liste over degnar, klokkarar og kyrkjesongarar i kyrkjesoknet Jostedalen i Sogn og Fjordane. Lista er ufullstendig og mange av opplysningane usikre, særleg når det gjeld årstal.
Den fyrste opplysninga ein har om degneordninga i Jostedalen, er frå eit brev i 1625. Her heiter det at presten Mikkel Nilsson i kallsbrevet hadde fått rett på degnemæla, så på dette tidspunktet har bygda neppe hatt eigen degn.[1] Seinast i 1668 må det ha vore ein klokkar i bygda, for då er det nemnt at klokkaren mottok eit årleg korntilskot frå klokkaren på Voss.[2]
Klokkarane var òg lærarar i allmugeskulen/folkeskulen. Sjå eiga liste med Lærarar i Jostedalen.
År | Namn | Merknader |
---|---|---|
Før 1712-ca 1752 | Ole Knutson Grov | |
Ca 1752-1776 | Ole Anderson Åsen | Svigerson av forgjengaren |
Ca 1760 | Henrik Anderson Kreken | Truleg mellombels i ein kortare periode. Bror av forgjengaren |
1776-1781 | Anders Olson | Frå Åsen, son av forgjengaren Ole A. Åsen |
1781-1789 | Lars Olson Bjørk | Bror av forgjengaren |
1790-1833 | Johannes Asbjørnson Hus | Busett på Bjørk |
1833-1850 | Ole Olson Aasestølen | Òg omtala som Ole Faaberg |
1850-1856 | Johannes Halvorson Vamberg | |
1856-1898 | Halvor Larson Faaberg | |
1898-1919 | Anders Hjellum | Den fyrste som budde i klokkargarden Øvregarden |
1919-1922 | Lars R. Nedrelid | Det er sprikjande opplysningar om Ove Wangensteen Haug eller Lars R. Nedrelid var klokkar i Jostedalen 1919-22 |
1922-1939 | Ove Wangensten Haug | |
1940-1968 | Hallvard Hesjevoll | |
1968-1969 | Lars Sperle | |
1969-1987 | Per O. Myklemyr | |
1988-2001 | Magda Skarestad Myklemyr | |
2001-2003 | Oddlaug Molland | |
2003- | Marit Elvekrok |
Notar
- ↑ Brev frå biskopen 1.8.1625 (Jostedal historielag), jf. Laberg 1948, s. 179
- ↑ Statsarkivet i Bergen, lærar Haugens skulehistoriske arkiv, ref. kyrkjestolen for Sogn 1668
Litteratur
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Laberg, Jon. (1948). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 13), 177-200. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
- Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 215-216.