Hermoder (tidsskrift)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hermoder var namnet på tre ulike norske tidsskrift som kom ut i Christiania i ulike, kortare periodar innan tidsrommet 1795-1843.

Hermoder 1795-1800

Det fyrste var redigert av den gongen tukthusprest Frederik Schmidt (1795-1797) og deretter av rektor ved Oslo katedralskole Jacob Rosted (1797-1800). Det var eit litterært magasin med blanda skjønnlitterært og faglitterært stoff, skrive av norske forfattarar og vitskapsmenn. Blant bidragsytarane kan nemnast dr.med. Hans Møller, teologane og topografiske forfattarar Hans Strøm og Jacob Nicolai Wilse, filosofen Niels Treschow, kjøpmann, gods- og brukseigar Bernt Anker og diktarprestane Jonas Rein og Jens Zetlitz.

Bladet hadde visst ikkje noko politisk program. Det var til dømes innlegg både for og mot den franske revolusjonen der. Målet var heller å vise det kulturelle nivå og spennvidde i Christiania og Noreg, med ein uttala fråstand til feider og polemikkar i København.

Hermoder 1821-1827

«Hermoder, et Ugeblad af blandet Indhold», innheldt mest skjønnlitterære bidrag i poesi og prosa, reiseskildringar og artiklar av estetisk art. Det vart stundom utsendt med kunsttillegg av fargelitografiar av norske nasjonaldrakter etter originalar av Heinrich August Grosch og Johannes Flintoe. Hermoder kan sjåast som eit element i ei nasjonalromantisk bølgje i 1820-åra som førespegla det endelege nasjonale gjennombrotet eit par tiår seinare.

Redaktør for bladet var ingeniørkaptein Theodor Broch, som samstundes også gav ut det opposisjonelle politiske bladet Patrioten.

Ny Hermoder 1841-1843

Kjelder og litteratur

Universitetet i Oslo, IAKH, nettutstilling om prentefridomen, lese 10.3.2014.