Imarsundbrua

Sideversjon per 11. jun. 2014 kl. 08:52 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|6325 Imarsundbrua.jpg|Imarsundbrua.|Olve Utne|2008}} '''Imarsundbrua''' går over Imarsundet mellom Stabblandet og Jørnøya i Aure kommune. Ho er ei stålkas...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Imarsundbrua går over Imarsundet mellom Stabblandet og Jørnøya i Aure kommune. Ho er ei stålkassebru med fem spenn. Det lengste spennet er på 120 meter, og heile lengda er 550 meter. Brua vart opna 15. januar 2007.

Imarsundbrua.
Foto: Olve Utne (2008).

Med åpninga av brua hadde ein fergefri veg frå Tømmervåg til Aure og derifrå vidare til Kyrksæterøra og Trondheim. Saman med Litjsundbrua erstatta Imarsundbrua fergesambandet Aukan - Vinsternes, ei femten minutter lang fergetur. Brua er ein del av fylkesveg 680.

Kjelder

Koordinater: 63.22737° N 8.23706° Ø